Eurovision Song Contest 2026 var den 70. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmane av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Konkurransen fann stad i Wien i Austerrike etter at JJ og «Wasted Love» vann Eurovision Song Contest 2025 for Austerrike. Konkurransen blei organisert og produsert av den austerrikske ålmennkringkastaren ORF, i samarbeid med EBU. Dette var den tredje gongen Austerrike stod vertskap for Eurovision Song Contest, etter å ha arrangert i Wien i 1967 og 2015.

Konkurransen bestod av tre sendingar: ein semifinale tysdag 12. mai, ein semifinale torsdag 14. mai og finalen laurdag 16. mai. De tre showene blei halden i Wiener Stadthalle, som også husa konkurransen i 2015. Sendingane blei overførte direkte til alle deltakarlanda og andre land med senderettar.

Kringkastarar frå 35 land deltok i konkurransen, to færre enn i 2025 og det lågaste talet med deltakarar sidan 2003, før innføringa av semifinalar. Irland, Island, Nederland, Slovenia og Spania boikotta i protest mot deltakinga til Israel i forbindelse med , noko som markerte den største boikotta i historia til Eurovision Song Contest, mens Bulgaria, Moldova og Romania venda tilbake etter fråvær i dei siste utgåvene.

Konkurransen blei vunnen av Bulgaria og med låten «». Dette var den fyrste sigeren til Bulgaria i Eurovision Song Contest. Israel, Romania, Australia og Italia utgjorde resten av topp fem. Noreg enda på 14 plass i finalen med og låten «».

Bakgrunn Austerrike vann Eurovision Song Contest 2025 i Basel i Sveits med «Wasted Love» og JJ. Dette var den tredje sigeren til Austerrike i konkurransen.

Konkurransen i 2026 var den tredje der Austerrike stod vertskap. Tidlegare hadde Austerrike halde Eurovision Song Contest i 1967 og 2015, begge gongane i hovudstaden Wien.

Vertsby-prosessen Kort tid etter sigeren til Austerrike i 2025, uttrykte ei rekkje austerrikske byar interesse for å huse 2026-utgåva. Under ein pressekonferanse etter sigeren understreka generaldirektør i ORF Roland Weißmann at ein eigna arena og nærleik til flyplassar var nøkkelkriterium i utveljingsprosessen. Programdirektør i ORF Stefanie Groiss-Horowitz påpeika mangelen på nybygde, store arenaar i landet dei siste åra, men oppfordra kommunar med gjennomførbare planar om å sende inn bod.

ORF starta vertsby-konkurransen offisielt 2. juni med ein invitasjon til byar og kommunar om å melde sin interesse. Interesserte mottok deretter detaljerte skildringar over krav og behov og hadde frist til 4. juli med å levere inn eit offisielt tilbod. Den mellombelse finaledatoen blei sett til anten 16. eller 23. mai 2026. Berre to byar, Innsbruck og hovudstaden Wien, leverte inn tilbod før fristen. I tillegg viste byar som Ebreichsdorf, Graz, Oberwart, Sankt Pölten, Wels og Linz interesse, men trekte seg frå prosessen i vekene før fristen.

Val av vertsby og datoar for konkurransen blei kunngjort 20. august 2025. Wien blei vald som vertsby, og finalen blir halden 16. mai med semifinalar 12. og 14. mai.

Deltakande land Semifinale 1 # Land Artist Song Språk Plass Poeng01 «» Rumensk og engelsk 4 20802 «» Engelsk 9 9603 «» Kroatisk 6 17504 «» Gresk 7 15905 «» Portugisisk 12 7406 «» Engelsk 15 507 og «» Finsk 3 22708 «» Montenegrinsk og engelsk 13 7109 Vanilla Ninja «» Engelsk 11 7910 «» Hebraisk, engelsk og fransk 1 26911 «» Engelsk 10 9112 «» Litauisk og engelsk 8 10113 Senhit med «» Engelsk 14 4114 Alicja «» Engelsk 2 24715 «» Serbisk 5 187

Semifinale 2 # Land Artist Song Språk Plass Poeng01 «» Engelsk 1 27802 «» Engelsk 15 203 «» Engelsk 2 23404 «» Engelsk 12 6005 «» Engelsk 9 14206 «» Engelsk 14 4907 «» Engelsk 11 10808 «» Engelsk og gresk 10 12209 «» Latvisk 13 4910 «» Dansk 5 19911 «» Engelsk 3 22212 «» (Рідним) Engelsk og ukrainsk 6 17413 «» Albansk 7 15814 «» Maltesisk og engelsk 8 14315 «» Engelsk 4 206

Finalen # Land Artist Song Språk Plass Poeng01 «» Dansk 7 24302 «» Engelsk 23 1203 «» Hebraisk, engelsk og fransk 2 34304 «» Engelsk 21 3605 «» Albansk 13 14506 «» Gresk 10 22007 «» (Рідним) Engelsk og ukrainsk 9 22108 «» Engelsk 4 28709 «» Serbisk 17 9010 «» Maltesisk og engelsk 18 8911 «» Engelsk 16 11312 «» Engelsk 1 51613 «» Kroatisk 15 12414 «» Engelsk og tysk 25 115 «» Fransk 11 15816 «» Rumensk og engelsk 8 22617 og «» Finsk 6 27918 Alicja «» Engelsk 12 15019 «» Litauisk og engelsk 22 2220 «» Engelsk 20 5121 «» Engelsk og gresk 19 7522 «» Italiensk 5 28123 «» Engelsk 14 13424 «» Engelsk 3 29625 «» Tysk 24 6

Produksjon og format Eurovision Song Contest 2026 blir produsert av den austerrikske ålmennkringkastaren ORF. Kjerneteamet består av Michael Krön som ansvarleg produsent, Stefan Zechner som showprodusent, Daniel Hack som produksjonssjef, Christine Tichy som teknisk ansvarleg, Roman Horacek som kommunikasjonssjef, Iris Keutter som marknadsansvarleg, Oliver Lingens som arrangementsansvarleg, Christina Lassnig som produksjonsassistent, Christina Heinzle-Conrad som generalsekretær og Martin Szerencsi som juridisk rådgjevar. Zechner, Tichy, Horacek, Keutter, Lingens og Szerencsi hadde alle tilsvarande roller under konkurransen i Wien i 2015.

I juni 2025 kunngjorde EBU at Martin Österdahl trekte seg frå rollen som konkurransesjef. Nestleiaren for konkurransen, Martin Green, overtok rolla til Österdahl inntil ein ny konkurransesjef var på plass.

Avstemning Den 21. november 2025 kunngjorde EBU endringar i røystesystemet for konkurransen i 2026. Resultata i semifinalene skal igjen bli avgjorde av ein kombinasjon av jury- og telefonrøyster, slik dei blei frå 2010 til 2022. Storleiken på dei nasjonale jurygruppene blir auka frå fem til sju medlemmar, derav to jurymedlemmer må vere mellom 18 og 25 år, og spekteret av kvalifiserte profesjonelle bakgrunner blir utvida. Det maksimale talet røyster per betalingsmetode blir redusert frå 20 til 10. Røysteinstruksjonane blir oppdaterte for å «motverke uforholdsmessige kampanjer … særleg når dei blir gjennomførte eller blir støtta av tredjeparter, inkludert regjeringar eller statlege organ».

Visuelt design Den 18. august 2025 lanserte EBU ein fornya versjon av den generiske logoen, designa av det Sheffield-baserte brandingstudioet Pals, for å markere 70-årsjubileet Eurovision Song Contest. Eit nytt designelement kalla «Chameleon Heart» blei også introdusert, beståande av 70 lag av «Eurovision-hjartet» attgjeven i 3D. Det er meint å kunne bli tilpassa behovet til dei framtidige vertslanda.

Postkort «Postkorta» er korte videointroduksjonar som blir viste på TV medan scena blir klargjord for neste framføring. Produsert av Mödling-baserte Gebhardt Productions og spela inn sidan oktober 2025, vil postkorta syne dei konkurrerende artistane «fordjupa» i ulike naturskjønne område rundt om i Austerrike, med eit fysisk postkort laga for kvar av dei.

Sjå òg Junior Eurovision Song Contest 2026 Eurovision Song Contest Asia 2026

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Eurovision Song Contest 2026» frå , den 2. desember 2025.

Bakgrunnsstoff Nettstaden til Eurovision Song Contest

Kategori:Eurovision Song Contest 2026 Kategori:2026 i Austerrike