«Dobrodošli» (norsk omsetjing: Velkommen) er ein song av den montenegrinske artisten . Han blei skriven av Boris Subotić og Violeta Mihajlovska Milić, med produksjon av Darko Dimitrov. Songen var det montenegrinske bidraget i Eurovision Song Contest 2025.
Bakgrunn og komposisjon «Dobrodošli» blei skiven av Boris Subotić og Violeta Mihajlovska Milić, og produsert av Darko Dimitrov. I eit intervju med Eurovision-nettsida Wiwibloggs skildra Žižić songen som «korleis ei kvinne kan vere sterk i utfordrande tider». Tittelen, som blei vald av Subotić, kom som ei overrasking på Žižić sjølv, då ho hadde forventa ein danselåt med mindre alvorlege tekster – ikkje ein ballade. Ifølgje Žižić var det Mihajlovska Milić som føreslo at ho skulle delta i Montesong. Etter ei kort områdingstid bestemte ho seg for å bli med.
Eurovision Song Contest Montesong 2024 Den 10. oktober 2024 kunngjorde (RTCG) at «Dobrodošli», framført av , var eit av bidraga som skulle delta i Montesong 2024 – den nasjonale finalen der det montenegrinske bidraget til Eurovision Song Contest 2025 skulle veljast. Den 27. november 2024 vann songen førsteplassen i juryavrøystinga og fjerdeplassen blant publikum, noko som gav han ein samla andreplass, eit poeng bak vinnarsongen «», framført av bandet . Men den 4. desember 2024 trekte NeonoeN seg frå deltaking i Eurovision Song Contest etter at det blei kjent at bidraget deira allerede hadde blitt framført i 2023, noko som er eit brot på konkurransereglane. Den 8. desember kunngjorde RTCG at «Dobrodošli», som kom på andreplass i Montesong 2024, skulle vere det montenegrinske bidraget i Eurovision Song Contest 2025, med Nina Žižić som artist.
I Eurovision Song Contest Under trekkinga av semifinalane den 28. januar 2025 blei Montenegro trekt ut til å delta i den andre semifinalen, der dei opptredde i den fyrste halvdelen av showet. Žižić blei deretter trekt til å opptre som nummer 2, etter Australias Go-Jo og før Irlands . I semifinalen enda Montenegro på 16. plass og gjekk dermed ikkje vidare til finalen.
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dobrodošli» frå , den 3. desember 2025.
Kategori:Montenegrinske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-songar Kategori:Montenegrinskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Songar frå 2024