Bob Johannes Carolus de Jong () er ein nederlandsk tidlegare skeiseløpar som vart olympisk meister på 10 000 meter under Vinter-OL 2006. Perioden 1999-2012 vann han sju gullmedaljar i VM enkeltdistansar, fem på mila og to på 5 000 meter. Åra frå 1997 til 2013 sanka han 20 medaljar (7-8-5) i verdsmeisterskapane på enkeltdistansar.

Aktiv Jong deltok i vinterleikane 1998 i Nagano og sikra seg sølvmedaljen på 10 000 meter, medan han vart nummer 4 på 5 000 m. Sesongen etter vann han gull på mila ved VM enkeltdistansar i Heerenveen. Sidan tok han gull på 5 000 m i enkeltdistanse-VM 2001 og deretter på 10 000 m i enkeltdistanse-VM 2003 og 2005. Høgdepunktet som skeiseløpar kom då han vann gullmedaljen på 10 000 meter under vinterleikane i Torino, framom Chad Hedrick frå USA. Fire år seinare fekk Jong bronsemedaljen på 10 000 m i Vinter-OL 2010, etter landsmannen Sven Kramer vart diskvalifisert for å ha gått feil. Ved VM enkeltdistansar 2011 i Inzell sigra Bob de Jong på både 5- og 10 000 meter. Vinteren 2012 i Heerenveen vart han for femte gong verdsmeister på 10 000 m, 13 år etter han same staden vart verdsmeister fyrste gongen. Under Vinter-OL 2014 i Sotsji vann han han ein ny OL-bronse på 10 000 meter, og vart dermed medaljevinnar på mila for fjerde gong, noko ingen har gjort han etter.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bob de Jong (schaatser)» frå , den 7. desember 2025.

Kategori:Nederlandske skeiseløparar Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Enkeltdistanse Kategori:Olympiske meistrar for Nederland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Nederland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Nederland Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1998 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1998 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2002 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2006 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2006 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2010 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2014 Kategori:Nederlandske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2014 Kategori:Vinnarar av Oscarstatuetten