«Survivor» (norsk omsetjing: overlevar) er ein song av den armenske songaren og låtskrivaren Parg. Songen blei gjeven ut 9. februar 2025 og er skriven av Parg sjølv i samarbeid med ni andre låtskrivaren. Den endelege versjonen blei offisielt gjeven ut på strøymetjenester 21. mars, og var det armenske bidraget i Eurovision Song Contest 2025.
Bakgrunn og komposisjon «Survivor» er skriven av Parg, Alex Wilke, Armen Paul, Benjamin Alasu, Eva Voskanian, Jon Aljidi, Joshua Curran, Martin Mooradian, Peter Boström og Thomas G:son. Eurovision Song Contest 2025 Depi Evratesil 2025 Parg var ein av tolv deltakarar i Depi Evratesil 2025, den armenske uttakinga til Eurovision Song Contest, som blei vald ut av ein jury etter ein auditionrunde, og deltakarane blei offentliggjort 6. februar 2025. Songen hans «Survivor», som opprinneleg skulle offentliggjerast på finaledagen, ble i staden gjeven ut 9. februar. Songen fekk nest flest poeng frå både den nasjonale og internasjonale juryen, men vann telefonavrøystinga og gjekk dimed av med sigeren. Dermed blei «Survivor» det armenske bidraget i Eurovision Song Contest 2025 i Basel.
I Eurovision Song Contest Under trekkinga av semifinalane den 28. januar 2025 vart Armenia trekt ut til å delta i den andre semifinalen, der dei opptredde i den andre halvdelen av showet. Armenia kvalifiserte seg til finalen – der dei kom på sjetteplass i semifinalen. I finalen enda songen på 20. plass med 72 poeng.
Listeplasseringar + Liste (2025) Høgasteplassering Litauen (AGATA) 60 UK Singles Sales (OCC) 67
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Survivor (Parg-sang)» frå , den 10. desember 2025.
Kategori:Armenske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Songar frå 2025