Katarsis er eit litauisk alternativrockband frå Vilnius, som består av Lukas Radzevičius (hovudvokal og gitar), Alanas Brasas (sologitar), Emilija Kandratavičiūtė (bass) og Jokūbas Andriulis (trommer). Dei representerte Litauen i Eurovision Song Contest 2025 med songen «Tavo akys». Historie Katarsis starta som eit soloprosjekt av Lukas Radzevičius. Medan han framleis gjekk på skulen i 2019, byrja Radzevičius å komponere og gje ut sin eigen musikk. Etter å ha fått invitasjonar til å opptre på konsertar, forstod han at han ikkje kunne gjennomføre live-framsyningar åleine, og danna difor eit band med same namn.
I 2024 gav dgruppa ut sin første EP, Dausos.
Den 11. desember 2024 vart Katarsis kunngjord som eitt av dei førtifem bidraga i Eurovizija.LT, den litauiske nasjonale uttakinga til Eurovision Song Contest 2025, med songen «Tavo akys». Den 1. februar 2025 gjekk dei vidare til semifinalen, og to veker seinare sikra dei seg ein plass i finalen. I finalen var «Tavo akys» eitt av dei tre bidraga som fekk flest stemmer frå både juryen og publikum, og gjekk dermed vidare til superfinalen, der sjåarane kåra songen til vinnar og det litauiske bidraget i Eurovision Song Contest 2025 i Basel.
I Eurovision Song Contest 2025 gjekk Katarsis vidare frå den andre semifinalen. I finalen enda dei på 16. plass med 96 poeng – 64 frå publikum og 32 frå juryen.https://eurovision.tv/sites/default/files/styles/banner/public/media/image/2025-05/Screenshot-2025-05-18-at-01.01.35.png?itok=aJ4U8h_B
Medlemmar Lukas Radzevičius (fødd 24. november 2002 i Klaipėda) - vokal, gitar Alanas Brasas (fødd 12. november 2001 i Šiauliai) - gitar Emilija Kandratavičiūtė (fødd 26. august 2002 i Ariogala) - bass Jokūbas Andriulis (fødd 28. mars 1999 i Kaunas) - trommer
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Katarsis (band)» frå , den 11. desember 2025.
Kategori:Litauiske musikkgrupper Kategori:Litauiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-deltakarar