Pteroglossus (engelsk fellesnemning aracari) er ei biologisk slekt med tolv artar i tukanfamilien (Ramphastidae). Dette er fuglar med uvanleg fargerik fjørdrakt varierande med art, og med enorme nebb som har kontrastrike mønstre. Alle lever i den neotropiske regionen.

Namnet på slekta kjem av den karakteristiske tunga som alle medlemmar av tukanfamilien har, ei tunge som er frynsete langs sidene. Pteroglossus tyder bokstaveleg «fjørtunge»: gammalgresk pteron «fjør», glōssa «tunge».

Skildring

Denne slekta har den mest fargesprakande fjørdrakta i heile tukanfamilien. Fuglane har ein lang, trappeforma stjert som er lengre enn vengene, og dei er relativt slanke av kroppsbygnad. Oversida er oftast svart eller olivengrøn. Overgumpen er karmosinraud. I nakken finst det vanlegvis eit kastanjebrunt eller karmosinraudt nakkeband. Bryst og buk er hos dei fleste artane gule, med eit raudt eller svart–raudt belte. Overnebbet er ofte sterkt tagga og relativt kortare enn hos dei store tukanane i Ramphastos. Nebbet har ein liten krok i spissen. Safrantukan, skrifttukan og svartbeltetukan syner tydeleg kjønnsdimorfisme i fjørdrakta, dei andre ni artane har ingen eller berre mindre ulikskap mellom kjønna, men alle hoer har kortare nebb enn hannfuglen av arten.

Pteroglossus-tukanar lever i låglandsskog, der dei ferdast i små flokkar og ofte overnattar saman i holrom i tre. Artane i slekta Pteroglossus blir rekna som dei mest sosiale medlemmane av tukanfamilien. Somme artar føretrekkjer elvenære område, men til dømes safrantukan (Pteroglossus bailloni) kan òg leve opptil 1550 meter over havnivå i sørlege Brasil. Samla utbreiing for desse tukanane er frå Mexico gjennom Mellom-Amerika og mykje av Sør-Amerika sør til Paraguay.

Artsoversyn

Medlemmer av Pteroglossus i rekkjefølgje etter AviList v2025: med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:

Bilete Norsk namn Vitskapleg namn Kroppslengd og utbreiing Status Utbreiingskart Safrantukan Pteroglossus bailloni 35–39 cm;0-1550 moh. i Brasil, søraustlege Paraguay og Misionesprovinsen i Argentina (NT) 80px Gulbuktukan Pteroglossus viridis 34 cmlåglandsskogar i det nordaustlege Amazonasbekkenet, nordlege Brasil og Guiana-skjoldet, og den austlege dreneringa av Orinoco-elva i Venezuela (LC) 80px Skrifttukan Pteroglossus inscriptus 33-36 cmsentrale og sørlege Amazonasbekkenet i Bolivia, Brasil, Colombia, Ecuador og Peru (NE) 80px Svartbeltetukan Pteroglossus torquatus 38–44 cmfrå sørlege Mexico til Colombia og Venezuela (LC) 80px Bleiknebbtukan Pteroglossus erythropygius ca. 41–43 cmaustlegaste Panama og Ecuador og Peru vest for Andes (NE) Eldnebbtukan Pteroglossus frantzii ca. 45 cmsørlege Costa Rica og vestlege Panama (LC) 80px Raudbeltetukan Pteroglossus aracari 43–46 cmBrasil, Guyanaregionen og Venezuela (LC) 80px Brunkinntukan Pteroglossus castanotis 43–47 cmvestlege Amazonasbekkenet, cerrado og pantanal: Paraguay, Bolivia, søraustlege Brasil og det ytste nordaustlege Argentina (LC) 80px Tobeltetukan Pteroglossus pluricinctus 43–46 cm nordvestlege Amazonasbekkenet i Brasil, Colombia, Ecuador, Peru og Venezuela (LC) 80px Elfenbeinstukan Pteroglossus azara 36–45 cmvestlege Amazonasbekkenet i Bolivia, Brasil, Colombia, Ecuador, Peru og Venezuela (LC) 80px Krølltukan Pteroglossus beauharnaisii 42–46 cmvestlege Amazonasbekkenet i Peru, vestlegaste Brasil og nordlege Bolivia (LC) 80px Raudbrysttukan Pteroglossus bitorquatus ca. 36 cmBrasil sør for Madeira-elva vestover og litt inn i austlegaste Bolivia (NE) 80px

Kjelder

Denne artikkelen byggjer dels på «Schwarzarassaris» frå , den 15. desember 2025

Inngang til artsoversyn og artsskildringar

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tukanfamilien Kategori:Fugleslekter