Robert Reiner () var ein amerikansk skodespelar, filmregissør, filmprodusent, manusforfattar og politisk aktivist.

Han regisserte filmane This is Spinal Tap (1984), Prinsessebruden, Stand by Me, Da han møtte henne og Et spørsmål om ære.

Reiner blei fødd 6. mars 1947 i Bronx, som son av filmregissøren og skodespelaren Carl Reiner og songaren Estelle Lebost; familien var jødisk. Reiner blei tildelt to Emmy- (nominert til fem) og fem Golden Globe-prisar.

Han var ein av personane bak selskapet Castle Rock Entertainment, seinare innlemma i Turner og Time Warner. Han har ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Reiner og kona hans blei funne døde med stikkskadar heime i Brentwood i Los Angeles den 14. desember 2025. Politiet etterforskar dødsfalla som drap. Sonen Nick blei arrestert mistenkt for drapa.

Reiner støtta det demokratiske partiet og var ein kjend kritikar av Donald Trump; han uttalte at Trump var «mentalt ueigna».

Filmar i utval

Halls Of Anger – skodespelar (1969) Summertree – skodespelar (1971) Fire Sale – skodespelar (1977) Hjelp vi er i popbransjen – regissør, skodespelar (1984) The Sure Thing – Regissør (1985) Venner for livet – Regissør (1986) The Princess Bride – Regissør (1987) Da han møtte henne – Regissør (1989) Hilsen fra Hollywood – Skodespelar (1990) Misery – Regissør (1990) Et spørsmål om ære – Regissør (1992) Søvnløs i Seattle – Skodespelar (1993) North – Regissør (1994) Kuler over Broadway – Skodespelar (1994) Den amerikanske presidenten – Regissør (1995) Bye Bye Love – Skodespelar (1995) Ghosts of Mississippi – Regissør (1996) EDtv – Actor (1999) The Story of Us – Regissør (1999) Alex & Emma – Regissør (2003) Dickie Roberts: Former Child Star – skodespelar (2003) Rumor Has It... – Regissør (2005) Everyone's Hero – Stemmeskodespelar (2006) Nå eller aldri – Regissør (2007) Flipped – Regissør (2010) 8 – Regissør (2012) The Magic of Belle Isle – Regissør (2012)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rob Reiner» frå , den 17. desember 2025.

Kategori:Folk frå New York City Kategori:USA-amerikanske filmprodusentar Kategori:USA-amerikanske skodespelarar