mini|Katarina si gravkiste med kopi av gravsteinen i Gudhem klosterruinar. Katarina Sunesdatter (ca. ) var dronning av Sverige, gift med Erik Eriksson.

Liv Katarina var dotter av Sune Folkesson og Helena Sverkersdatter (dotter av kong Sverker den yngre). I 1244 gifta ho seg med kong Erik, men dei fekk ikkje barn.

Som dei fleste rike kvinner i samtida interesserte Katarina seg òg sterkt for kristendommen, og ho gav mange pengar til kloster og kyrkjer. Då kong Erik døydde i 1250, trekte den unge enkja seg tilbake til eit nonnekloster i cistercienserordenen, Gudhem i Västergötland. Her blei ho snart abbedisse. Ho donerte alt ho åtte til klosteret eller til slektningar. Ho eigde byen Söderköping og delar av Nyköping, og ho hadde gods i Västergötland, Småland, Södermanland og på Sjælland.

To år etter at mannen hennar var død, døydde, også Katarina i klosteret. Ho fekk ei gravkiste, ein tumba, av finkornet sandsten, inspirert av franske kongelege gravar. På lokket ligg ein krona skulptur som framstiller dronninga som ventar på den siste dagen. Kista er i dag på Historiska museet i Stockholm, og i vestpartiet av ruinane til Gudhem kan ein sjå ein støypt kopi frå 1964. Det finst òg ein kopi i klostermuseet saman med testamentet til dronninga med alle segla.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Katarina Sunesdatter» frå , den 20. desember 2025. oppgav desse kjeldene:  

Lindqvist, Herman: Historien om alla Sveriges drottningar. Från myt och helgon til drottning i tiden, Norstedts, 2006

Kategori:Svenske dronningar Kategori:Døde på 1200-talet Kategori:Fødde i 1215