Christen Qvisling Sandberg () var ein norsk handelsmann, skipsreiar og politikar frå Onsøy i Østfold. Han vart stortingsmann frå valkrinsen Fredrikstad/Sarpsborg i 1842.

Prestesonen Christen Sandberg var i 1812 ein tur over til England. Heimkomen arbeidde han i ein handel i Son og deretter i Fredrikstad. Her byrja han i 1823 å handle på eiga hand, var skipsreiar og hospitalforstandar.

I mange år var Sandberg medlem i bystyret i Fredrikstad, og var ordførar i fleire kortare bolkar. Meir enn 25 år var han med i forlikskommisjonen. Ved stortingsvalet hausten 1841 vart han med 2 røyster vald til å representere valkrinsen Fredrikstad og Sarpsborg i Stortinget 1842. Han møtte på Tinget og hadde sete i Tollkomitéen.

Christen Sandberg var far til Fredrik Sandberg.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Folk frå Fredrikstad