Adam Pavlovčin (), profesjonelt kjend som Adonxs (stilisert med store bokstavar), er ein slovakisk songar. Han var tidlegare frontfigur i det London-baserte alternative bandet Pace, og gav ut debutalbumet sitt Age of Adonxs i 2022. Albumet gav han fleire utmerkingar, mellom anna «Årets album», «Beste mannlege artist» og «Beste nye artist» i Slovakia. Han representerte Tsjekkia i Eurovision Song Contest 2025 med songen «Kiss Kiss Goodbye».

Tidlig liv Adam Pavlovčin blei fødd i Myjava og vaks opp i . Han fekk tidleg interesse for dans og song, inspirert av den eldre systera si. I hennar fotspor vart han med i ei dansegruppe for barn, tok songtimar og byrja å lære seg å spele piano. I tenåra opplevde han likevel ei dramatisk stemmeforandring som følgje av puberteten. Han mista det tidlegare vokalområdet sitt då stemma gjekk frå tenor til , det djupaste bassleiet, noko som førte til at han slutta å synge.

Pavlovčin fokuserte i staden på dans, og opptredde med profesjonelle dansegrupper. Han vann den slovakiske meisterskapen i IDO streetdance-disiplinar fem gongar, både i junior- og seniorklassar. Då han var femten flytta han heimanfrå til Bratislava for å gå på C.S. Lewis tospråklege vidaregåande skule, og tok samstundes dramakurs ved ein skule knytt til Nová scéna-teateret. Som 16-åring signerte han med eit modellbyrå.

Etter kvart gjenoppdaga han songen, og flytta til Praha for å få klassisk opplæring av den anerkjende operasongaren , som han krediterer for å ha utvida bassregisteret hans attende opp til eit prepubertalt tenornivå. Han jobba som frilansartist i Praha i eitt år før han flytta til London for å satse fullt på ein musikkarriere.

Pavlovčin tok bachelorgrad i låtskriving og kreativ musikkskaping ved i London, der han fullførte med toppkarakterar.

For å ha råd til studia og levekostnadene, tok han fleire ulike jobbar, mellom anna som servitør på ein homobar. I eit intervju med Cosmopolitan fortalde han: «Ofte avslutta eg nattskiftet på baren kl. 03.00 og byrja songtimen min kl. 09.00.»

Pavlovčin, som stod fram som homofil til foreldra sine to veker etter at han blei «hals over hovud-forelska» i ein gut som 18-åring, har skildra studietida i London som ein periode med «total frigjering» og «sjølvoppdaging». Tida hadde stor innverknad på låtskrivinga hans, i tillegg til utviklinga av stilen og scenepersonlegdommen hans.

Som 18-åring skreiv Pavlovčin sin første song, «Speechless Boy», og gav ut ein lågbudsjett musikkvideo som òg fungerte som måten hans å stå fram offentleg som homofil.

Karriere Musikk 2015–2020: Vokalist i Pace Medan Pavlovčin framleis gjekk på vidaregåande, danna han det sjangerbrytande musikkbandet PACE saman med klassekameraten sin, no filmmusikkomponisten Adrián Čermák. Etter at dei flytta til London, fekk duoen selskap av to andre musikarar – ein gitarist frå Monaco og ein trommeslagar frå Hellas.

Tidleg i 2018 gav det fleirkulturelle bandet ut debut-EP-en Keeper, ei alternativ, hovudsakeleg barokk-pop-utgjeving som inkluderer element frå symfoniorkester, medan tekstene skildrar Pavlovčin som «ein mann fanga i sine begjær og visjonar». Eit år seinare sleppte PACE singelen «Hunt Me Down», etterfølgd av «Fallen» i 2020. Bandet spelte på scener i London, britiske festivalar og Pride-paradar, og var oppvarmingsband for den britiske songaren Grace Carter – inntil dei planlagde konsertane vart avlyste på grunn av koronapandemien.

Etter at pandemien sette avgrensingar for konsertscenene i Storbritannia, flytta Pavlovčin tilbake til Praha i Tsjekkia for å satse på ein solokarriere i 2021.

2021: Vinnar av SuperStar

I 2021 blei Pavlovčin kjend i heimlandet sitt og i Tsjekkia etter å ha vunne SuperStar, den sjuande sesongen av den felles tsjekkisk-slovakiske versjonen av Idol. Han hadde tidlegare takka nei fleire gongar til å delta på programmet, men blei til slutt overtalt av produsentane. Pavlovčin skapte debatt med sine framføringar i kjønnsoverskridande antrekk (mellom anna ei gjennomsiktig kjole), og svarte med utsegna: «Klede har ikkje kjønn». Han er den første open skeive vinnaren av konkurransen, og har skildra sigeren som eit stort steg framover for det tsjekkiske og slovakiske samfunnet. I eit intervju med ELLE, som peikte på populariteten hans som skeiv artist i eit konservativt samfunn, sa Pavlovčin: «Eg trur sigeren min har vore med på å bane veg for andre skeive underhaldarar, skodespelarar eller politikarar til å stå fram og våge å vere sitt autentiske, skeive eg».

2022–nå: Solokarriere Etter sigeren signerte Pavlovčin med Warner og byrja å skrive og spele inn debutalbumet sitt i Lavagance Studios saman med produsentane Oliver Fillner, Marek Rakovicky og Tom Lobb. I januar blei han nominert til «Årets nykomar» ved Ruka Hore Awards 2021, sjølv om han enno ikkje hadde gjeve ut noko solomateriale. Forbes Slovakia inkluderte han på lista «Forbes 30 Under 30».

Den 20. mai gav Pavlovčin ut den første solosingelen sin, «Moving On», under artistnamnet Adonxs (den kjønnsnøytrale x-en vert uttala /ɪ/, som i Adonis). Alter egoet Adonxs viser til den greske mytologiske figuren Adonis, guden for skjønnheit og begjær, som sjølv om han var eit symbol på maskulinitet, ofte blei framstilt feminint og som seksuelt tvitydig i antikk gresk litteratur. Adonxs utvikla konseptet med alter egoet under studia i London for å frigjere seg på scena og overvinne den då store sceneskrekken sin. Låten handlar om å leggje eit giftig, stilleståande forhold bak seg og gå inn i ein ny, frigjord fase. Før utgjevinga framførte han songen for første gong live i Let’s Dance 24. april. I musikkvideoen til «Moving On» har Adonxs på seg eit spesiallaga, tettsitjande plagg med handsydde krystallar frå Preciosa, eit antrekk han først viste i Let’s Dance. Singelen blei hans første førsteplass på SK Top 50-lista.

Den 21. juni framførte han ein ny duettversjon av «Moving On» saman med Celeste Buckingham. Den 11. juni opptredde han som einaste slovakiske artist på Lovestream Festival, der Dua Lipa var hovudartist, og der han urframførte de komande singlene «Game» og «Cold Summer». Den 19. august sleppte Adonxs den andre singelen sin, «Game», som han kalla den mest kommersielle songen på albumet. Denne blei den andre førsteplassen hans på SK Top 50, og heldt seg på toppen i åtte veker. Musikkvideoen, der ein autentisk Adonxs-Barbie opptrer, blei omtala som litt «creepy», «kinky» og «veldig skeiv». Adonxs forklarte at dokkespelet i videoen illustrerer parallellen mellom manipulasjon i romantiske forhold og korleis musikkbransjen handsamar nye artistar. Videoen blei nominert til Berlin Music Video Awards 2023.

Den 22. oktober gav han ut sin tredje singel, pianoballaden «Cold Summer»,. Debutalbumet Age of Adonxs blei lansert i november 2022. Nettstaden Musicserver kåra det til «årets beste album» i Slovakia. Tidleg i 2023 vann han to Evropa 2 Music Awards for «Beste mannlege artist» og «Beste nykomar», i tillegg til ein nominasjon for «Beste song» med «Moving On». Ved 2022 Ruka Hore Awards fikk han nominasjonar for «Årets artist» og «Årets album», og vann «Europa 2 Song of the Year». I Tsjekkia blei albumet førehandsnominert til Anděl-prisen som «beste slovakiske album» i 2022.

I mai 2023 blei det annonsert at Adonxs skulle opptre på Sziget Festival i Budapest 13. august. Den 8. juli spelte han på Pohoda-festivalen. Den 28. juli gav han ut sin fjerde singel «No Common Measure». Den 22. november kom «Overthinker» (stilisert som OVRTHNKR) som femte singel frå albumet. I musikkvideoen tek Adonxs opp medvit kring Adonis-komplekset – eit psykologisk omgrep for angst og uvisse hjå gutar og menn knytt til utsjånad og kroppsbilete, som kan føre til kroppsdysmorfisk liding.

I 2024 blei Adonxs nominert til Crystal Wing Award 2023 i kategorien popmusikk. Han gav ut sin første låt på slovakisk, «Sám», 15. mars.

I desember 2024 offentleggjorde Česká televize at dei internt hadde valt Adonxs til å representere Tsjekkia i Eurovision Song Contest 2025, som blei arrangert i Basel i Sveits. Heimlandet hans Slovakia deltok ikkje i konkurransen det året. Den 4. februar 2025 framførte han den akustiske versjonen av «Kiss Kiss Goodbye» under den første semifinalen i den maltesiske nasjonale uttakinga, og studioversjonen blei gjeven ut 7. mars.

Dans, modellering, skodespel I tillegg til musikkarrieren er Adonxs ein profesjonell dansar med spesialisering innan street dance, lyrisk jazz og latinamerikansk dans. Han er fem gongar slovakisk meister i IDO street dance-disiplinar, både i junior- og seniorkategoriane. Han var medlem av RDS Company, og har opptredd med artistar som Robbie Williams, Nicole Scherzinger og Leona Lewis, i tillegg til å ha trent med koreografar som Keone Madrid, Camillo Lauricella og Ian Eastwood.

Adonxs byrja å arbeide som modell som 16-åring. Som catwalkmodell har han gått for Alexander McQueen i Milano, i tillegg til under , og har vore med i kampanjar for motedesignarar som utfordrar kjønnsstereotypi rundt maskulinitet og femininitet. Han har fått merksemd for engasjementet sitt for gjenbruk og berekraft. I 2022 blei han det offisielle ansiktet for Adidas Originals i Tsjekkia. I august 2022 var Adonxs programleiar for Elite Model Look World Final.

Adonxs spelar hovudrolla i musikkvideoen til «Euphoria» av NobodyListen, og dukkar òg opp i videoane til «The Riddle» av den franske artisten Silly Boy Blue og «24/7» av den tyske artisten MELINA. Han spelar rolla som Bobby, ein av gutane frå Kit Kat Club, i Joe Masteroff sin jazzmusikal Cabaret, i tillegg till rolla som ei hegre i BURKICOMs Island!, som tek opp miljøproblematikk.[

I november 2022 kom han på andreplass i den slovakiske versjonen av .

Kunstnerskap Adonxs er ein naturleg basso profondo, det djupaste bassleiet, samstundes som han har eit vokalområde som strekkjer seg opp til tenor – noko som gjev han ein særmerkt klang i dei høgare registrera. Han har arbeidd med stemma si saman med ein operasongar i over ti år. Vokalen hans har blitt skildra som «heimsøkjande», «djupt sjelefull», «hjarteskjerande» og «åndelaus». Klangfargen i stemma hans blir omtala som «silkemjuk» og «attkjenneleg».

Skrivestilen hans er forteljande og krinsar rundt tema som sjølvkjærleik, begjær, forvirring, tilknyting, hjartesorg, å gje slepp på fortida eller einsamheit. Han komponerer alle songane sine ved pianoet, og ser på låtskriving som ein terapeutisk metode og «medisin» for eit knust hjarte.

Musikalske påverknader Adonxs vaks opp med å høyre på Queen, Depeche Mode, Elton John, Seal og Prince, og har nemnt artister som AURORA, Sevdaliza, Josef Salvat, Sufjan Stevens, London Grammar, Lorde, Dua Lipa, Birdy og Florence + the Machine som musikalske inspirasjonskjelder. Han har òg peika på Woodkid som den viktigaste inspirasjonen i byrjinga av karrieren sin.

Sceneuttrykk Elle kalla Adonxs for «the queer king», medan Musicserver samanlikna han med James Blake og Woodkid. Han har fått mykje merksemd for motestilen sin, som ofte vert skildra som «eksentrisk» i media. I eit intervju med Esquire skildra Adonxs stilen sin som «inspirert av Londons skeive popkultur». Den karakteristiske androgyne silhuetten hans vert skildra slik: «breie skuldrer, høg midje og bein som aldri tek slutt». Han har nemnt Damiano David, , Prince, Freddie Mercury og David Bowie som inspirasjonskjelder til scenestilen sin. Han er òg kjend for rituala sine før konsertar, som å lakke neglene sine for hell og lukke.

Privatliv Systera hans, , er skodespelar og songar busett i Praha i Tsjekkia. Mora hans er biletkunstnaren Monika Sabo, og stefaren, CPT Marián Sabo, jobbar som ambulansearbeidar. Han har ikkje kontakt med den biologiske faren sin.

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Adonxz» frå , den 26. desember 2025.

Kategori:Slovakiske musikarar Kategori:Slovakiske songarar Kategori:Tsjekkiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Tsjekkiske Eurovision Song Contest-låtskrivarar