Jan Jongbloed () var ein nederlandsk fotballspelar frå Amsterdam. Han var målvakt på Nederlands landslag i begge VM-finalane 1974 og 1978.

Karriere Klubbspel Jongbloed spelte frå 1957 til 1977 på DWS sitt lag, som i 1972 vart nyskipa som FC Amsterdam. Klubben vart nasjonal seriemeister i 1964. 1977-81 gjorde han teneste i Roda JC og 1981-85 i Go Ahead Eagles. Han spelte heile 717 klubbkampar.

Landslagsspel Jongbloed fekk sin landslagdebut i 1962. Tolv år seinare fekk han landskamp nummer 2 og var fast målvakt for Nederland under Fotball-VM 1974, der det vart tap 1–2 i finalen mot vertslandet Vest-Tyskland. Jongbloed spelte sin 24. og siste landskamp i finalen i VM i fotball 1978. Her var han med å tape mot vertslandet Argentina, i ein kamp som gjekk til ekstraomgangar.

Merittar VM-sølv: 1974 og 1978 for Nederland Nederlandsk seriemeister: 1964 med DWS Amsterdam

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jan Jongbloed» frå , den 4. januar 2026.

Kategori:Nederlandske fotballspelarar