Sophie Mousel () er ein luxembourgsk skodespelar.
Morsmålet hennar er luxembourgsk, og i tillegg snakkar ho flytande tysk, engelsk og fransk. Mousel bur i Paris og i Luxembourg. Ho spelar òg piano og gitar.
Utdanning Mousel studerte frå 2011 til 2015 ved Cours Florent, ein privat teaterskule i Paris.
Gjennombrot Den luxembourgske TV-serien Capitani, som vart spelt inn i 2019, vart gjort tilgjengeleg på strøymetenesta Netflix tidleg i 2021. Serien bidrog til at Mousel vart kjend for eit internasjonalt publikum.
Filmografi 2015: Je suis un peu pas trop sûr sûr de moi (kortfilm) 2016: Le Correspondant 2017: Rock'n Roll 2017: La Deuxième Étoile 2018: Ma Fille 2018: De Superjhemp retörns 2018: City Hunter 2019: Blood Craft 2019: Skin Walker 2019: De Buttek 2019: Capitani 2021: Super-GAU – Die letzten Tage Luxemburgs (An zéro – Comment le Luxembourg a disparu)
Kjelder
Kategori:Luxembourgske skodespelarar