Najmuddin Faraj Ahmad (), betre kjend som Mulla Krekar, er ein irakisk kurdar som lenge var busett i Noreg.

Ahmad kom til Noreg som kvoteflyktning frå Nord-Irak i 1991. Han var leiar for den islamistiske grupperinga Ansar al-Islam frå oppstarten i 2001. Både Krekar og Ansar al-Islam står på Sambandsstatane og SN si terrorliste. Tryggingsrådet i Dei sameinte nasjonane har rekna han som ein aktiv støttespelar for organisasjonen Al-Qaida sidan 8. desember 2006.

Mulla Krekar har kone og fire barn som alle har fått innvilga norsk statsborgarskap. Ahmad sjølv fekk ikkje innvilga sin søknad fordi norske styresmakter meinte han er ein fare for tryggleiken til riket. Dei sende han likevel ikkje attende til heimlandet Irak, fordi dei reknar med at han kunne verta avretta der.

I 2020 vart han utlevert til Italia og fengsla der. I 2. kvartal 2020 vart han flytta frå fengsel i Roma til Badu 'e Carros-fengselet på Sardinia.Krekar overført til høysikkerhetsfengsel. TV2. Vitja 30. juni 2020

Merknadar

Kjelder

Kategori:Irakarar Kategori:Kurdisk diaspora i Noreg