Arnold Clas Robert Thunberg () var ein finsk skøyteløpar, fødd og død i Helsinki. I tida 1922-31 vann han fem olympiske gullmedaljar, fem verdsmeisterskap og fire europameisterskap.
Aktiv I februar 1922 triumferte Thunberg ved europameisterskapen heime i Helsinki, etter å ha sigra på dei tre kortaste distansane. Helga etterpå enda han på tredjeplass då verdsmeisterskapen vart avvikla på Frogner stadion i den norske hovudstaden, bak nordmennene Harald Strøm og Roald Larsen. Året etter måtte sjå seg slått av Strøm då EM 1924 på ny vart avvikla i Kajsaniemiparken i Helsinki. Ei veke seinare vart Thunberg verdsmeister i Stockholm, framom nemnde Strøm.
mini|venstre|Thunberg i Chamonix 1924 Under vinterleikane i Chamonix i slutten av januar 1924 sanka Thunberg ein medalje på alle distansane. Han sikra seg gullmedaljane på 1500 m, 5 000 meter og samanlagt, sølvmedaljen på 10 000-meteren og ein bronsemedalje på 500 meter. Sidan i sesongen vart han andremann ved europameisterskapen i Oslo, norske Roald Larsen vart suveren meister. Helga 21. og 22.februar 1925 var Thunberg heilt i eiga klasse ved verdsmeisterskapen på nye Bislett stadion i Oslo. I 1926 deltok ikkje Thunberg i dei store meisterskapane. Thunberg kom tilbake vinteren 1927 og vart andremann både ved europameisterskapen i Stockholm og verdsmeisterskapen i Tampere. I begge meisterskapane vart han klart slått av norske Bernt Evensen.
Vinteren 1928, i løpet av knapt fire veker, vart Thunberg europameister på Frogner stadion i Oslo, verdsmeister på Eisstadion i Davos og dobbelt olympisk meister i St. Moritz. Under Vinter-OL delte han fyrsteplassen med Bernt Evensen på 500 meter, for så å vinne 1500 meter dagen etter. I 1929 vart Thunberg nummer 2 ved europameisterskapen i Davos bakom Ivar Ballangrud, under verdsmeisterskapen på Frogner vart plasseringane omsnudd. Etter å ha stått over internasjonale meisterskap i 1930, kom Thunberg tilbake i 1931-sesongen og vart både europameister og verdmeister.
På nyåret 1932 vart Thunberg i Davos europameister for fjerde gong, ein meisterskap utan norsk deltaking. Han reiste ikkje over til USA og Lake Placid, og deltok dermed korkje i Vinter-OL eller i verdsmeisterskapen på skeiser. 1933 vart Thunberg nummer 6 ved verdsmeisterskapen i Trondheim. Året etter deltok han i VM på Hamar, men stilte ikkje i milløpet. Også ved EM 1935 og VM 1935 gjekk han berre dei tre kortaste distansane.
Personlege rekordar Distanse Tid Dato Stad Bane 500 m 42,6 13. januar 1931 St. Moritz 1 500 m 2.18.1 11. januar 1930 Davos Davos Eisstadion 5 000 m 8.32,6 4. februar 1928 Davos Davos Eisstadion 10 000 m 17.34,8 5. februar 1928 Davos Davos Eisstadion
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Clas Thunberg» frå , den 22. januar 2026.
Kategori:Finske skeiseløparar Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Europameistrar i skeisesport Kategori:Olympiske meistrar for Finland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Finland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Finland Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1924 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1924 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1924 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1928 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1928 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1928 Kategori:Folk frå Helsingfors