Inger Lise Hegge () er ein norsk tidlegare langrennnsløpar frå Kvam i Steinkjer kommune. Ho vart noregsmeister på 10 kilometer i 1990 og 1991. Elles tok ho to NM-sølv og ein NM-bronse. Hegge var medlem i Henning Idrettslag. Ho er sidan 1995 gift med Terje Langli.

Aktiv Hegge gjekk i mål til sølvmedalje på 20 km under Ski-NM 1989, slått berre av Nina Skeime. Året etter sigra Hegge på 10 km i Ski-NM 1990, framom Trude Dybendahl på andre- og Elin Nilsen på tredjeplass. 17. januar 1991 vann Hegge 10 km ved noregsmeisterskapen i Misvær, med god margin til sølv- og bronsemedaljørane; Solveig Pedersen og Trude Dybendahl. Vinteren 1992 sikra Hegge seg NM-sølv på så vel 15 km som 30 km, den siste i klassisk stil. I desse tevlingane var ho sjanselaus mot høvesvis Elin Nilsen og Inger Helene Nybråten. Hegges siste NM-medalje var ein bronse på 5 km på Lillehammer i januar 1993.

Hegge deltok i verdsmeisterskapane på ski i 1989, 1991, 1993 og i Vinter-OL 1992. Ho makta ikkje å blande seg inn i tetstriden i nokon av meisterskapsrenna, vart som best nummer 11 i på tremila under Ski-VM 1993 i Falun. 1992-sesongen enda Hegge på 16. plass i Verdscupen i langrenn. I til saman 5 verdscup-tevlingar kom ho mellom dei ti beste på resultatlista.

Hegge var ein av dei norske kvinne-utøvarane som fyrst beherska fristilen i langrenn. Ho la opp etter 1995-sesongen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Inger Lise Hegge» frå , den 12. februar 2026.

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1992 Kategori:Folk frå Steinkjer