mini|Arnside Tower, eit peel-tårn frå seinmellomalderen i Cumbria. Peel eller pele er eit lite befesta borgtårn eller bustadtårn frå grenseområda mellom England og Skotland i Scottish Marches og Nord-England. Slike tårn blei hovudsakleg bygde mellom midten av 1300-talet til rundt 1600.Historic England Dei var frittståande bygningar med forsvar som houvdfunksjon, sjølv om dei òg uttrykte status og prestisje. Bygningane fungerte òg som vakttårn der bemanna postar kunne tenna signalbål ved fare.

Ifølgje Monument Types Thesaurus frå FISH blir «pele» kategorisert saman med ‘bastle’, ‘befesta herregard’ og ‘bustadtårn’ under den breiare nemninga ‘befesta hus’. Pevsner Architectural bli Guida definerer eit peel tower berre som eit steintårn.

Utover sjølve tårna kunne «pele» òg visa til inngjera område (òg kaldet barmkin, på Irland bawn) til å verna kveg under åtak.Aslet & Powers, 20; Historic England Tjuveri av kveg var ofte eit hovudformål ved grenseraid.Stewart (2017) p. 16 Nokre tårn, kjende som «vicar's pele», husa prestar og kunne òg fungera som tilfluktsrom for heile lokalsamfunnet.Aslet & Powers, 20

Historie høgre|mini|Smailholm Tower nær Kelso i Skottland. Det blei bygd peel-tårn i Skottland, Northumberland, Cumberland, Westmorland, County Durham, North Riding of Yorkshire og heilt ned til Lancashire som forsvar mot åtak frå både engelskmenn, skottar og dei frykta Border Reivers av begge nasjonalitetar. mini|Preston Tower i Northumberland. I Skotland blei det oppført ei rekkje peel-tårn i 1430-åra langs Tweed frå Berwick-upon-Tweed til kjelda som eit vern mot invasjonar. I den øvre delen av Tweed-dalen blei følgjande tårn oppført (frå utspringet og ned): Fruid, Hawkshaw, Oliver, Polmood, Kingledoors, Mossfennan, Wrae Tower, Quarter, Stanhope, Drumelzier, Tinnies, Dreva, Stobo, Dawyck, Easter Happrew, Lyna, Barnes, Caverhill, Neidpath, Peebles, Horsburgh, Nether Horsburgh Castle, Cardrona, Kirna (Kirnie) og Elibank.

Ei lov av det engelske parlamentet frå 1455 la ned påbod om at kvart av desse tårna skulle ha ei jernkorg på toppen og eit røyk- eller eldsignal klart til dag- eller natbruk. Ut over hovudfunksjonen sin som varslingssystem, var desse tårna òg heimstad for lairdar og godseigarar i området. Dei budde der med familiane sine og følgjet sitt, medan andre tilhengjarar budde i enkle hyttar utanfor murane. Tårna fungerte òg som tilfluktsrom, så alle folka i landsbyen kunne dra til tårnet og venta der til åtakarane drog vekk.

Bevarte tårn Mange peel-tårn kan ha samband med ei kyrkje: til dømes Embleton Tower i Embleton i Northumberland, og eit anna ved St Michael-kyrkja i Alnham er dømes på såkalla 'preste-peels', og det ved Hulne Priory nær Alnwick ligg på klostergrunnen. Corbridge Vicar's Pele i Northumberland er omdanna til ein bryllaupsdestinasjon. St Michael's Church i Burgh by Sands har eit kraftig befeta tårn i den vestlege enden og eit tidlegare preste-peel i den austlege enden. St Cuthbert's i Great Salkeld er eit anna eksempel på ei befesta kyrkje. Begge desse cumberlandske kyrkjene har yett (sterke innvendige jerngitter) til å forsvara tårna deira mot skotske åtakarar.

Nokre peel-tårn blei ombygd til slott, som t.d. Penrith Castle.Historic England. "Details from listed building database (1138256)". National Heritage List for England. Nokre tårn er no forfalne, medan andre er blitt ombygde til sivil bruk. Embleton Tower var ein del av den tidlegare prestegarden, og er no ein privat heim, medan det på Inner Farne husar fuglevaktaare. Dei mest openberre endringane ved konvertering er tilgang til tårna, som opphavleg var gjort vanskeleg med vilje, og behovet for fleire og større vindauge.

Hellifield Peel Castle i Hellifield i North Yorkshire opptredde i ein episode av Grand Designs, der det blei konvertert frå ein ruin til ein heim og ein bed-and-breakfast.What happened to Hellifield Peel Castle?. Grand Designs Magazine. Hentet 8/7-2025Darnick Tower like utanfor Melrose er stadig busett. Det blei bygt i 1425 av Heiton-familien frå Normandie og tilhøyrde same familie fram til 2016.Darnick Tower. thecastlesofscotland.co.uk. Hentet 8/7-2025Farewell to Historic Castle - Darnick Tower. rettie.co.uk. Hentet 8/7-2025

Peel Tower i Whittingham i Northumberland blei omdanna til fattighus i 1864, men er no ein enkelbustad som kan bli leia som feriebustad. Sjølve tårnet er frå rundt 1280, overetasjen stammar frå ei viktoriansk ombygging.

Canons Ashby House inkorporerer eit av dei få peel-tårna som er bygde i Midlands. Det blei laga på grunn av saueavlaren John Dryden frå Cumberland, som busette seg i Northamptonshire.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Peel tower» frå , den 18. februar 2026.

Litteratur

Aslet, Clive og Powers, Alan, The National Trust book of the English House Penguin/Viking, 1985, "Historic England": Strickland's Pele Tower and Penrith Castle (1010690). National Heritage List for England. English Heritage.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tårn