Jordan Stolz () er ein USA-amerikansk skeiserennar frå West Bend i Wisconsin. Han vart i 2024 verdsmeister i firkamp og i 2026 olympisk meister på 500 meter og 1000 meter.

Stoltz vann dei tre kortaste distansane ved VM enkeltdistanser 2023 i Heerenveen, ein prestasjon han kopierte i VM enkeltdistansar 2024 i Calgary. Tre veker tidlegare, 26. januar 2024, sette han verdsrekord på 1000 meter med tida 1.05,37 i Salt Lake City. I mars 2024 sigra han i Skeise-VM 2024 i firkamp i Inzell, der han sette verdsrekord samanlagt. I 2025 tok Stoltz to sølvmedaljar og ein bronsemedalje i VM enkeltdistansar. Under Vinter-OL 2026 i Milano vann han gullmedaljane på 500 meter og 1000 meter og fekk sølv på 1500 meter.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jordan Stolz» frå , den 28. februar 2026.

Kategori:Skeiseløparar frå USA Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Sprint Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Enkeltdistanse Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 2022 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2022 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2026 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 2026 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2026 Kategori:Vinnarar av Oscarstatuetten