Erika Susanna Vikman () er ein finsk songar og låtskrivar. Ho starta karrieren sin som finsk tangosongar, og fekk først merksemd etter å ha vunne Tangomarkkinat i 2016. Seinare fekk ho endå større nasjonal merksemd etter utgjevinga av singelen «Cicciolina» i 2020, som vart hennar første topp fem-hit i Finland. Det sjølv­titulerte debutalbumet hennar vart gjeve ut året etter og gjekk heilt til topps på albumlistene i Finland. Ho representerte Finland i Eurovision Song Contest 2025 med songen «Ich komme».

Tidleg liv og utdanning Vikman vart fødd 20. februar 1993 i Tammerfors. Ho voks seinare opp i Lempäälä og Björneborg. Mora hennar var òg songar, og song finsk tango og deltok i Tangomarkkinat. Ho har ei yngre syster, Jennika, som også er songar. Vikman byrja å syngje som tenåring, og vann jenteklassen i Junior Tangokonkurransen i 2008. Seinare deltok ho òg i Tampere Springboard-konkurransen i 2010.

Vikman gjekk på Tampere vidaregåande skule for scenekunst (Tampereen Yhteiskoulun Lukio), og tok artium i 2013. Etter dette studerte ho pop- og jazzsong ved Pirkanmaa musikkonservatorium.

Karriere 2013–2019: Tangokarriere og Tangomarkkinat 2016 Vikman starta den profesjonelle karrieren sin i 2013, etter å ha blitt vald ut som deltakar i sesong sju av den finske versjonen av Idols. Ho vart vald ut som éin av tolv finalistar, men rauk ut i sendinga 7. november 2013 og enda på niandeplass. Ho vart seinare henta tilbake som wildcard i episoden 28. november, men vart røysta ut på nytt same veka og enda til slutt på sjuandeplass.

Etter deltakinga i Idols etablerte Vikman seg som finsk tangosongar. Ho deltok i Tangomarkkinat i 2015, der ho vart nummer to. Året etter vende ho tilbake til konkurransen og vann, og vart kåra til Finlands tangodronning i 2016. Etter konkurransen skreiv Vikman kontrakt med Sony Music, og gav i 2017 ut den første singelen sin med plateselskapet, «Ettei mee elämä hukkaan». Songen viste at Vikman eksperimenterte meir med elektropop.

2020–i dag: «Cicciolina», gjennombrot og Eurovision

I 2020 skreiv Vikman kontrakt med Warner Music Finland og fekk godkjenning frå Yle til å delta i Uuden Musiikin Kilpailu 2020, den finske uttakinga til Eurovision Song Contest 2020. I konkurransen framførte ho songen «Cicciolina», skriven om den ungarsk-italienske pornofilm­skodespelaren , som opptredde under artistnamnet . Finalen fann stad 7. mars 2020 i Tammerfors, der Vikman enda på andreplass. Ho fekk flest røyster frå det finske publikumet, men den profesjonelle juryen plasserte henne berre på tredjeplass. Trass i andreplassen vart songen ein stor hit i Finland og hennar første topp fem-singel.

Etter suksessen med «Cicciolina» gav Vikman ut oppfølgjaren «Syntisten pöytä», som vart hennar andre topp fem-hit og seinare hennar første nummer éin-hit på radio. Same året vart ho nummer tre i den første sesongen av Masked Singer Suomi, der ho deltok som «Ampiainen» («Kvefsen»).

Vikman gav ut det sjølvtitulerte debutalbumet sitt i august 2021. Albumet gjekk rett til topps på listene i Finland og vart hennar første nummer éin-album. I mai 2022 vart det kunngjort at Vikman skulle delta i sesong tretten av Vain elämää, den finske versjonen av Hver gang vi møtes.

I 2025 vart det stadfesta at Vikman skulle delta i Uuden Musiikin Kilpailu 2025 med songen «Ich komme». Ho vann konkurransen og representerte Finland i Eurovision Song Contest 2025. Ho kvalifiserte seg til finalen og enda på 11. plass med 196 poeng.

Privatliv Frå 2016 til 2020 var Vikman i eit forhold med den finske songaren Danny. Forholdet var omstridd på grunn av aldersskilnaden mellom dei, då Danny var 50 år eldre enn Vikman. Dei budde saman i Kyrkslätt fram til dei gjekk frå kvarandre. I 2020 stod Vikman fram som bifil.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Erika Vikman» frå , den 9. januar 2025.

Kategori:Finske songarar Kategori:Finske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-deltakarar Kategori:Deltakarar i OGAE Second Chance Contest