John August Solberg () var ein norsk gardbrukar og takstmann frå Idd i Østfold. Han var stortingsrepresentant for Østfold og Høgre perioden 1937 til 1945.
Solberg var odelsgut og dreiv fyrst slektsgarden. I 1918 kjøpte han garden Øberg og flytta dit. Gjennom åra hadde han mange verv i organisasjonar og bedrifter knytt til landbruket, mellom anna som styremedlem i Felleskjøpet i Oslo.
I Idd var Solberg medlem av heradsstyret og soknerådet, og var også kyrkjeverje. Ved stortingsvalet i 1936 vart han vald inn på Stortinget frå Østfold. På Tinget var han sekretær i Helsekomiteen. Etter andre verdskrigen var Solberg på deltid fylkessekretær i Østfold Høgre.
Solberg var kulturinteressert, samla inn gamle slåttar frå Idd.
Han døydde brått av hjerneslag.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «John Solberg» frå , den 20. mars 2026.
Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Norske gardbrukarar frå 1900-talet Kategori:Folk frå Halden