Naaja Hjelholt Nathanielsen () er ein grønlandsk politikar for partiet Inuit Ataqatigiit. Ho har vore minister sidan april 2021 og er sidan 2025 minister for næring, råstoff, energi, justisområdet og likestilling i regjeringa til Jens-Frederik Nielsen. Nathanielsen er utdanna psykolog og var direktør for Kriminalomsorga på Grønland frå 2016 til 2021.
Bakgrunn Nathanielsen vart fødd i Tasiilaq i 1975. Ho er utdanna psykolog (cand.psych.) frå Københavns Universitet i 2001.
Nathanielsen arbeidde ved pedagogisk-psykologisk rådgjeving (PPR) på Bornholm frå 2001 til 2002 og ved barne- og ungdomsrådgjevinga i Jyllinge frå 2002 til 2003. Frå 2003 til 2009 var ho fagdirektør i Sermersooq kommune, med eit avbrot i 2008–2009 då ho var undervisar og konsulent. Frå 2009 til 2016 var ho medlem av Inatsisartut, før ho forlét politikken og vart direktør for Kriminalomsorga på Grønland frå 1. august 2016. Ho gjekk av frå direktørstillinga ved utgangen av april 2021 etter at ho igjen vart medlem av Inatsisartut og Naalakkersuisut. Politisk karriere Nathanielsen vart vald inn i Inatsisartut for Inuit Ataqatigiit ved valet i 2009 med 196 røyster, (velg "Landstingsvalg 2009" i menyen) og attvald i 2013 med 155 røyster (velg "Landstingsvalg 2013" i menyen) og i 2014 med 470 røyster. (velg "Landstingsvalg 2014" i menyen) I mars 2016 melde ho seg ut av Inuit Ataqatigiit. Ho heldt fram som uavhengig representant i Inatsisartut resten av vårsesjonen i 2016, før ho deretter forlét politikken.
Nathanielsen gjorde comeback som politikar då ho stilte til val for Inuit Ataqatigiit ved valet til Inatsisartut i 2021 og vart vald med 422 røyster. (velg "Inatsisartutvalg 2021" i menyen)
Frå 23. april 2021 vart Nathanielsen minister for bustader, infrastruktur, råstoff og likestilling i regjeringa Múte Bourup Egede I etter valet. Den 18. juni 2021 tok ho òg mellombels over ansvaret for justisområdet frå Eqaluk Høegh, som var ramma av stress. Overføringa vart gjort permanent frå og med 7. august 2021. Etter ei regjeringsrokade 27. september 2021, forårsaka av at Asii Chemnitz Narup trekte seg, vart Nathanielsen minister for næring, råstoff, justisområdet og likestilling.Múte om Asii’s beslutning: Det er selvfølgelig beklageligt (23.11.2021 ). Naalakkersuisut.gl. Hentet 18. oktober 2025 Desse ansvarsområda har ho, med tillegg av ansvaret for energiområdet, halde fram med i regjeringa Jens-Frederik Nielsen.
Privatliv Nathanielsen er sambuar med Pilo Samuelsen. Ho har to barn og to bonusbarn. Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Naaja Nathanielsen» frå , den 27. januar 2026.
Kategori:Grønlandske politikarar Kategori:Grønlandske landsstyreformenn Kategori:Folk frå Nuuk