Tore Haugen () var ein norsk jurist og politikar for partiet Høgre. Han var 1970-75 ordførar i Oppegård kommune, 1980-87 fylkesordførar i Akershus og 1989-93 stortingsrepresentant frå Akershus.

Etter sersjantkurs i infanteriet tok Haugen juridisk embetseksamen i 1958. Han var dommarfullmektig hos sorenskrivaren i Søre Sunnmøre før han i 1961 fekk jobb i Prisdirektoratet i Oslo. Fram til han slutta og vart pensjonert hadde han fleire leiande stillingar dert same direktoratet.

Haugen var medlem av kommunestyret i Oppegård kommune frå 1968. Allereie to år seinare tok han over som ordførar og vart attvald i 1971. Valperiodane 1980-82 og 1984-87 var han fylkesordførar i Akershus og deretter medlem av fylkesutvalet til han hausten 1989 fekk plass i stortinget.

Haugen representerte Akershus og Høgre i 1989-93-stortinget, der han fyrste var medlem i Samferdslekomiteen, og sidan i Kommunal- og miljøvernkomiteen. Elles var Haugen nestleiar 1988-89 i Kommunenes Sentralforbund og eit tid styreformann i NSB og i Stor-Oslo Lokaltrafikk/Ruter, samt leiar av Oslofjordens Friluftsråd. 1994-2002 var han ein av riksrevisorane.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tore Haugen» frå , den 25. mars 2026.

Kategori:Norske embets- og tenestefolk Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Fylkesordførarar i Akershus Kategori:Fylkesordførarar frå Høgre Kategori:Ordførarar i Oppegård Kategori:Høgreordførarar i Akershus Kategori:Folk frå Askim