Toril Moi () er ein norsk litteraturvitar og professor. Moi har stillinga som James B. Duke Professor of Literature and Romance Studies ved Duke University i Nord-Carolina i USA.

Liv og virke Moi vart fødd i Farsund i 1953. Etter examen artium fra Bryne i 1971 avla ho ein magistergrad i 1980. Moi vart i 1985 dr.art. i komparativ litteratur ved Universitetet i Bergen på avhandlinga Feminist literary criticism. Theory and practice som ho fekk Meltzerprisen for året etter. Ho arbeidde som forskningsleiar ved Senter for humanistisk kvinneforskning i tre år, før ho i 1989 vart professor i litteratur og romanske studier ved Duke University. Ho var professor II i litteraturvitskap (Bergen) 1988–96. I 2006 vart ho vald inn i Det Norske Videnskaps-Akademi.

Moi har særlig arbeidd med spørsmål der litteratur og filosofi overlappar kvarandre, og har vore oppteken av feministisk teori og kvinnelege forfattarar. Ho har skrive ei rekke bøker om feministisk litteraturteori. Moi har også skrive bok om Henrik Ibsen.

I 2002 vart ho kreert til æresdoktor ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), i 2005 ved Universitetet i Stavanger , og i 2019 ved Universitetet i Bergen . Moi sat i Holbergprisens fagkomité fra 2004 til 2009.

Kjende verk

L'utopie feminine. Une étude des romans utopiques de Christiane Rochefort, mag.avh. UiB, Bergen 1980 Sexual/Textual Politics. Feminist Literary Theory, dr.avh. UiB, London 1985 Simone de Beauvoir. The Making of an Intellectual Woman, 1993 (norsk omsetjing Simone de Beauvoir. En intellektuell kvinne blir til, 1995 What Is a Woman? And Other Essays, Oxford 1999 (norsk omsetjing Hva er en kvinne? Kjønn og kropp i feministisk teori, 1998, og Jeg er en kvinne. Det personlige og det filosofiske, 2001) Henrik Ibsen and the Birth of Modernism. Art, Theater, Philosophy, 2006 (norsk omsetjing Ibsens modernisme, 2006 Revolution of the Ordinary: Literary Studies after Wittgenstein, Austin, and Cavell, 2017

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Toril Moi» frå , den 26. mars 2026.

Kategori:Norske litteraturprofessorar Kategori:Professorar ved Universitetet i Bergen Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Æresdoktorar ved NTNU Kategori:Studentar ved Universitetet i Bergen Kategori:Folk frå Farsund Kategori:Ibsenforskarar