Abraham Falk Muus () var ein norsk byråkrat, sorenskrivar og stortingsmann frå Christiania.
Muus vart cand.jur. i 1811 og auditør i 1812. Frå 1814 var han byråsjef og frå 1817 ekspedisjonssjef i Justisdepartementet. I 1825 vart han utnemnd til sorenskrivar i søndre Hedmark og i 1831 flytta han over i tilsvarande stilling i nordre Hedmark. Han sat i embetet til 1863.
Muus kjøpte i 1829 gard i Vang og budde der. I 1830 var han Hedemarkens amt sin fyrste representant til Stortinget. Han var sekretær i Lagtinget, i Kyrkjekomiteen og i komiteen om sal av staten sitt pantegods.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.
Kategori:Stortingsrepresentantar 1830-1832 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Norske embets- og tenestefolk Kategori:Folk frå Oslo