Anders Trondsen () er ein norsk fotballspelar frå Lillehammer som vart seriemeister og noregsmeister med Rosenborg BK. Han spelar oftast på midtbana, men har òg vore sideback.

Karriere Klubbspel Trondsen debuterte i norsk seriefotball med tredjenivå-laget Lillehammer FK i 2011. Han fekk kontrakt med Stabæk IF i eliteserien og gjorde teneste her i tida 2012-14. Vinteren 2015 gjekk han vidare til Sarpsborg 08. 14. august 2017 vart han overført til Rosenborg BK der han i 2018 var med på å vinne både eliteserien og cupfinalen. Frå august 2020 var Trondsen i tyrkiske Trabzonspor si teneste. I november 2022 skreiv han kontrakt med svenske IFK Göteborg. Hausten 2025 spelte han nokre månader for Sarpsborg 08. Vinteren 2026 fekk han kontrakt med Hamarkameratene.

Landslagsspel Trondsen deltok i 4 av Noregs landskampar, ein i 2016 og tre i 2017, vennskapskampar alle.

Merittar Seriemeister: 2017 og 2018 for Rosenborg BK Noregsmeister: 2018 for Rosenborg Bk

Kjelder

eu-football Denne artikkelen bygger på «Anders Trondsen» frå , den 2. april 2026.

Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Stabæk-spelarar Kategori:Rosenborg-spelarar Kategori:Sarpsborg 08-spelarar Kategori:Hamarkameratene Kategori:IFK Göteborg-spelarar Kategori:Trabzonspor-spelarar