Christian Frederik Juell () var ein norsk landhandlar, gardbrukar og stortingsmann frå Øyestad i Aust-Agder.

Juell var son til ein landhandlar. Etter å ha vore sjømann nokre år, tok han i 1825 over landhandelen og dreiv elles gard. I 1838 vart han den fyrste ordføraren i Øyestad. Året etter møtte han i Stortinget som 2. representant frå Nedenes og Råbyggjelaget. På Tinget var han medlem i Gasje- og pensjonskomitéen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Norske handelsfolk Kategori:Folk frå Arendal