Beinir Johannesen () er ein færøysk politikar som frå 13. april 2026 er Færøyane sin lagmann. Han er leiar i det konservative partiet Fólkaflokkurin. Biografi Ved valet i 2016 vart han vald inn i kommunestyret i Klaksvík for Fólkaflokkurin. Ved lagtingsvalet i 2019 vart han, 22 år gammal, den yngste som nokon gong hadde vorte vald inn på Lagtinget. Han fekk flest personrøyster på lista til Fólkaflokkurin.

Beinir Johannesen vart i mars 2022 vald til formann i partiet si lagtingsgruppe, medan vart partiformann. Då Andreasen trekte seg i november 2022, vart Johannesen òg partiformann.

Ved lagtingsvalet i mars 2026 vart Fólkaflokkurin det største partiet, og Johannesen den kandidaten i valet med flest personrøyster. Han fekk oppdraget med å danne regjering, og forhandlingane med Sambandsflokkurin og Javnaðarflokkurin enda med ei regjeringsavtale der Johannesen vert lagmann på Færøyane. Lagtinget konstituerte seg 13. april og valde Johannesen til lagmann ved innsetjingsvedtak.

Johannesen er son av skipper og fiskebåtreiar . Han kjem frå ein politisk interessert familie. Han er nevø (brorson) av formannen i Javnaðarflokkurin og sin føregangar som lagmann, , nevø av kommunepolitikar og soneson av den tidlegare lagtingsmannen .

Johannesen har gått gymnas og handelsskule. Han har vore seljar og butikksjef i ein verktøy- og jernvarehandel i Klaksvík.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Beinir Johannesen» frå , den 14. april 2026.

Kategori:Færøyske statsministrar Kategori:Færøyske politikarar Kategori:Folk frå Klaksvík