Åse Arna Klundelien () er ein norsk politikar frå Kongsberg som 1984–87 var fylkesordførar i Buskerud og 1989–93 stortingsrepresentant frå same fylket. Ho er medlem i Arbeidarpartiet.
Klundelien utdanna seg til lærar, tok eksamen i 1967. Ho arbeidde i skulen fram til 1981, mellom anna som rådgjevar. 1968-75 var ho medlem i Kongsberg bystyre, frå 1976 medlem i fylkestinget i Buskerud. Etter fylkestingsvalet hausten 1983 vart ho vald til fylkesordførar for Buskerud, eit ombod ho hadde dei neste fire åra. Samstundes var ho styreformann for sentralsjukehuset i Buskerud. Frå 1. oktober 1989 og i fire år framover representerte ho Buskerud og Arbeidarpartiet i stortinget. Ho var medlem i Samferdslekomiteen til 8. november 1990, då Gro Harlem Brundtland danna regjering for tredje gong, sidan medlem i Finanskomiteen resten av valperioden. Frå 1989 til 1997 leia ho det statlege Likestillingsrådet. 1995–96 var ho nestleiar i styret for Garanti-Instituttet for Eksportkreditt.
I 1988 fekk Klundelien jobben som fylkeskultursjef i Buskerud, ein posisjon ho hadde til 2009-10. Til sist spesialrådgjevar i fylkeskommunen til 2013.
Kjelder
Drammens Tidende, søndag 8. januar 2006
Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Fylkesordførarar i Buskerud Kategori:Fylkesordførarar frå Ap Kategori:Folk frå Kongsberg