Olga Fikotová, gift og skild Connolly, () var ein diskoskastar frå byen Most i dagens Tsjekkia. Ho vart olympisk meister i diskoskasting under Sommar-OL 1956 i Melbourne. Fram til 1957 representerte ho Tsjekkoslovakia og sidan USA.

Aktiv Fikotová utmerkte seg i basketball og vann i 1954 ein sølvmedalje med Tsjekkoslovakia i europameisterskapen i basketball. I 1955 vart ho landsmeister i diskoskast, sameleis året etter. Hausten 1956 sette ho tsjekkoslovakisk rekord med 51,71 m, ein rekord ho straks flytta til 51,80 m. Under OL-finalen i Melbourne seint i november, låg ho på andreplass før ho i femte omgangen presterte sitt livs beste kast. Diskosen landa på 53,69 meter, drygt meteren lengre enn Irina Begljakova frå Sovjetunionen sitt leiar-resultat. Ny olympisk rekord og gullmedalje til Fikotová.

I Melbourne møtte Fikotová den USA-amerikanske sleggjekastaren Hal Connolly. Dei gifta seg i oktober 1957. Motarbeidd av styresmakter i heimlandet, flytta Fikotová til USA og byrja tevle for USA under namnet Olga Connolly. Ho vart USA-amerikansk meister i diskoskast åra 1957, 1960, 1962, 1964 og 1968 og deltok i samtlege olympiske sommarleikar i tida 1960–1972. Ho kom på sjuandeplassen i øvinga ved Roma-OL 1960 og på sjetteplassen i leikane i Mexico-byen i 1968. I si siste olympiade, Sommar-OL 1972 i München, var ho flaggberar for den USA-amerikanske troppa.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Olga Fikotová» frå , den 26. april 2026.

World Athletics

Kategori:Tsjekkiske friidrettsutøvarar Kategori:Diskoskastarar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for Tsjekkoslovakia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1956 Kategori:Tsjekkoslovakiske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972