Edvard Greisel Herlofsen () var ein norsk skipsreiar frå Arendal, busett i Larvik frå 1809.
Far hans var kjøpmann og skipsreiar. Sjølv vart han cand.theol. i 1791 og arbeidde frå 1793 som kateket i Christiania. Deretter garnisonsprest 1807-1809 i Fredriksvern. Sidan slo han seg ned i Larvik som brukseigar og skipsreiar. I 1818 møtte han i Stortinget som representant for Larvik og Sandefjord. Her hadde han sete i Lagtinget og medlem i 10 komitear. Mellom anna var han med i komiteane om russehandelen i Finnmarka, om utvidinga av Holmestrand og om unionelle tilhøve.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.
Kategori:Stortingsrepresentantar 1818-1820 Kategori:Norske skipsreiarar Kategori:Folk frå Arendal Kategori:Folk frå Larvik