Andreas Rædergård Schjelderup () er ein norsk fotballspelar frå Bodø. Han er flankespelar i det portugisiske topplaget Benfica.

Karriere Klubbspel 16 år gammal flytta Schjelderup til Danmark og knytta seg til FC Nordsjælland. 2022-sesongen imponerte han stort i dansk seriefotball. I januar 2023 skreiv han kontrakt med Benfica mot ein sum på 10 til 14 millionar euro. Schjelderup fekk lite spel på fyrstelaget, så sesongen 2023/24 gjorde han atter teneste i FC Nordsjælland. Sidan hausten 2024 har Schjelderup vore aktiv i Benfica. 11. januar 2025 skåra han Benfica sitt mål då laget vann den portugisiske ligacupen etter straffeskyting mot Sporting CP, ved full speletid stod det 1–1 på resultat-tavla.

Landslagsspel 5. juni 2024 debuterte Schjelderup i vennskapskampen mot Kosovo, då han like før kampslutt tok over for Erling Håland. I 2025 deltok han i fem av kvalifiseringskampane til Fotball-VM 2026. Han skåra i Amsterdam 27. mars 2026 sitt einaste landslagsmål, i ein vennskapskamp som enda med siger 2–1 for heimelaget. Per 1. april 2026 har Schjelderup vore med i 10 av Noregs landskampar.

Merittar Vinnar av den portugisiske ligacupen: 2025 for Benfica

Kjelder

eu-football

Denne artikkelen bygger på «Andreas Schjelderup» frå , den 2. mai 2026.

Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Benfica-spelarar Kategori:Folk frå Bodø Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2026