Margarete Lenk () var ein tysk forfattar.
Etter lærareksamen i 1863 dreiv ho ein privat-skule fram til 1868. Same året gifta ho seg med predikanten Emil Lenk. I 1873 reiste paret til USA og budde der i 16 år, for det meste i delstaten Illinois. Emil Lenk var sidan prest i Niederplanitz, og frå 1891 i landsbyen Grün nær Lengerfeld. Enkja Margarete Lenk budde i Dresden frå 1907.
Margarete Lenk forfatta ei rekke soger for barn og unge. Sjølv om ho i utgangspunktet bearbeidde erfaringar fra tida i Nord-Amerika i sine verk, skreiv ho seinare historiske forteljingar prega av djup fromheit, ofte lagt til reformasjonstida og til trettiårskrigen, 1618–48. Ein kjenner til 21 utgåver på norsk av Lenk sine skrifter. Desse vart tilgjengelege for eit norsk publikum på 1910- og 1920-talet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Margarete Lenk» frå , den 8. mai 2026.
Kategori:Tyske forfattarar