Hans Hanssen () var ein norsk kjøpmann og stortingsmann frå Leinstrand, busett i Trondheim.

Hans Hanssen var frå garden Ustmyr i Leinstrand, som han i godt vaksen alder vart eigar av. Han var handelsbetjent frå 1873, opna eigen handel i Trondheim i 1879. I Trondheim var han medlem i bystyret 1897–1903 og 1907–10. 1898–1908 direktør i Arbeiderforeningens spareskillingsbank og ei tid medlem i styret i handelsbanken.

1906–09 og 1910–12 var han varamann til Stortinget frå krinsen Bratøren og Ihlen. Han møtte 1908 frå 12. august, i staden for Ole Erichsen og frå 11. februar 1910, i staden for statsråd Bernhard Brænne, då medlem i Lagtinget og i Konstitusjonskomiteen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914. Nasjonalbladet, 27. februar 1923

Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar for Trondheim og Levanger Kategori:Stortingsrepresentantar frå Frisinnede Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Lokalpolitikarar i Trondheim Kategori:Høgrepolitikarar i Sør-Trøndelag Kategori:Norske kjøpmenn Kategori:Folk frå Trondheim