Wilhelm Hansen Klem () var ein norsk skulemann og politikar.

Prestesonen Klem vart cand.theol. i 1877. Frå 1878 underviste han ved den høgre allmennskulen i Horten. Jamsides var han frå 1888 kemner i kommunen. Han var medlem i bystyret 1896-99 og frå 1907, og blei ordførar i 1919. Størstedelen av tida 1888 til 1919 var han medlem i skulestyret, også som formann. Ei tid var han styreleiar i den lokale sparebanken.

Valperioden 1910-12 var Klem varamenn til Stortinget frå Horten for Frisinnede Venstre. Han møtte i 1911 og 1912, medlem i Lagtinget og i Militærkomiteen.

Gottfried Klem var bror hans.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914. Dagsposten, 22. juli 1929

Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar for Vestfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå Frisinnede Venstre Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Norske skulefolk