mini|portrett|Pølse i brødskive ved eit vallokale framfor det gamle parlamentet i Canberra under det føderale valet i 2016. mini|Demokratipølseutsal ved River of Life Church i 2006. Demokratipølse eller er pølser serverte i brødskiver som blir laga til og selde ved mange australske vallokale på valdagar. Ofte blir dei selde som del av ei pengeinnsamling til inntekt for institusjonane som husar vallokala, som skular, kyrkjer og samfunnshus. I 2016 hadde 1 992 vallokala, like under ein tredel av alle i Australia, eit pølseutsal ifølgje ei opprekning av nettstaden Election Sausage Sizzles.
Historie Det har vore buer til stades for å samla inn pengar ved vallokale sidan minst 1920-talet. Det finst til dømes eit fotografi av eit kakeutsal framfor eit valavlukke frå denne tida. Ein byrja selja pølser på byrjinga av 1980-talet, då berbare grillar blei tilgjengelege. På denne tida blei også omgrepet sausage sizzle utbreidd, anten om tilstellingar der ein laga og selte pølser eller om slike pølser i brødskiver serverte med grilla lauk, ketchup, grillsaus eller sennep. Den fyrste bruken av uttrykket «democracy sausage» på sosiale medium var i samband med delstatsvalet i Vest-Australia i 2013, men omgrepet var truleg i munnleg bruk før dette.
På 2010-talet var demokratipølsa blitt så velkjend i australsk kultur at i døgnet før det føderale valet 2. juli 2016 endra Twitter emojien nytta for merkelappen #ausvotes frå ein røysteboks til ei pølse på ei skive kvitt brød med saus oppå. I desember 2016 valde Australian National Dictionary Centre ut «democracy sausage» som Australian Word of the Year for 2016.
Oppslutting og variantar Sidan Australia alltid held val på ein laurdag og røysting er obligatorisk, er det alltid stort oppmøte for både delstatlege og føderale val. Mange vallokale held til på skular, i samfunnshus eller kyrkjer. Desse gruppene brukar ofte nytta den store folketilstrøyminga ved å setja opp ulike innsamlingsbuer. For mange lokale grupper er dette den største innsamlingshendinga i året.
Det finst òg variasjonar på standardretten med pølse i brød. Veljarane kan til dømes òg kjøpa veganske, vegetariske eller glutenfrie alternativ, og ein kan også servera andre typar mat og drikke,som kake og kaffi. Det er oppretta ulike nettstader og sosiale medium-kontoar for å hjelpa allmugen til å finne ut kva vallokale som har utsal og kva som er tilgjengeleg på dei, slik at dei kan velja valstad etter matutvalet. Ved det føderale valet 2. juli 2016 registrerte ein slik nettstad 2301 vallokale som hadde pølser eller kaker tilgjengeleg, og ein annan registrerte 2094. Begge tala er over ein tredel av det totale talet på vallokale.
Nokre kakebuer sel søtmat med temanamn som kan vera ordspel på politikarnamn eller valtema, som Alba-Cheesy Cakes (Anthony Albanese); Malcolm Turnovers og Malcolm Turnballs (Malcolm Turnbull); Plebislice (som refererer til ei folkeavstemning); Jacqui Lambingtons (Jacqui Lambie); Tanya Plibiscuits (Tanya Plibersek); og Richard Di Nutella Fudge (Richard Di Natale).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Democracy sausage» frå , den 9. juni 2026.
Bakgrunnsstoff
DemocracySausage.org
Kategori:Australsk kultur Kategori:Pølseretter