mini|Tursykkel med sykkelvesker. Sykkelveske er ei veske for å festa på ein sykkel, moped eller motorsykkel. Det vanlegaste er at sykkelveskene vert festa på bagasjeberaren i overkant og ved navet til bakhjulet i underkant. Ein kan ha veske berre på den eine sida, eller ei veske på kvar side. Mange har òg to mindre vesker framme på sykkelen. I dag vert sykkelvesker for det meste nytta i samband med sykkelturar, men før folk flest hadde bil vart sykkelvesker nytta for å transportera varene heim frå butikken, for å oppbevare termos og matpakke når ein sykla til arbeidsplassen, osb. Skuleelevar nytta ofte sykkelvesker for å ha bøker og skrivesaker i.
Galleri
Referansar Hvordan pakke sykkelvesker - alt du trenger å vite før sykkelturen, Sirasverden.no, 14. desember 2016.
Sjå òg Sykkelkorg
Kategori:Vesker Kategori:Sykling