alt= Kjøkkenhage med bønner, tomater og blomster.|mini|Kjøkkenhage med bønner, tomatar og blomar. mini|Ein liten grønnsakshage for leigetakarar i ein eigedom i sentrale Ystad. Kjøkkenhage eller grønsakhage er eit jordstykke som i hovudsak blir brukt til å dyrka etande nyttevekstar.grønnsakhage Dei kan til dømes nyttast til å dyrka matnyttige grønsaker, bær, frukt, urter og blomar. Plantene blir hovudsakleg dyrka i småskala, til eige konsum.
Som regel ligg ein kjøkkenhage ved eit hus. I tettstader og byar der innbyggjarane bur i leilegheiter utan hage, finst det ofte kommunale kolonihagar eller parsellhagar som blir brukte til matauk og dermed fungerer som grønsakhagar.
Vekstskifte Vekstskifte eller vekselbruk er ein dyrkingsmetode som inneber at eittårige plantar blir plasserte i eit visst omløp. Dette er av omsyn til best mogleg utnytting av plantenæringsstoff i jorda. Ulike vekstar har ulikt næringsbehov og ulikt rotsystem, som gjer at næringa blir utnytta i ulik jorddjupne. Vekstskifte kan også bidra til vern mot plantesjukdommar, skadedyr og ugras. Metoden er spesielt vanleg i økologisk hagebruk. Ofte blir vekselbruk planlagt over ein fireårsperiode, der ein samlar vekstar i same familie i same skifte.
Blomar i kjøkkenhagen Det er fordelaktig med blomar og urter i kjøkkenhagen. Blomane tiltrekk seg insekt som sommarfuglar, bier og humlar. Desse bidreg til pollinering og befrukting av plantane i kjøkkenhagen. Blomar kan òg bidra med viktige næringsstoff til jorda, som er nyttige til neste vekstsesong. Til dømes er kløver ein nyttig blome som tilfører jorda nitrogen.
Kompost Mange kjøkkenhagar har ein komposthaug der ein kan samla organisk avfall frå kjøkkenhagen til kompostering. Hageavfallet blir kompostert og dannar næringsrik jord som kan nyttast i kjøkkenhagen seinare.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kjøkkenhage» frå , den 27. juni 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Mat Kategori:Hagar