Antun Yusuf Hanna Diyab (fødd ca. 1688) var ein syrisk maronittisk forfattar og forteljar. Han er kjend som opphavspersonen til dei best kjende versjonane av sogene «Aladdin» og «Ali Baba og dei førti røvarane» som har vore del av Tusen og ei natt sidan den franske orientalisten Antoine Galland omsette verket og la dei til det. Denne versjonen av samlinga blei snart svært populær i vesten.
Diyab var lenge berre kjend frå korte referansar i dagboka til Antoine Galland, men omsetjinga og utgjevinga av det arabiske manuskriptet av sjøvbiografien hans i 2015 utvida kunnskapen om livet hans. Revurderingar av Diyab sine bidrag til Les mille et une nuits, den innverknadsrike versjonen til Galland av dei orientalske sogene i Tusen og ei natt, har argumentert for at Diyab er sentral i litteraturhistoria til kjende historier som «Aladdin» og «Ali Baba og dei førti røvarane», til trass for at Diyab berre er omtalt som «Hanna frå Aleppo» i dagboka til Galland.
Litteraturforskarar som Ruth B. BottigheimerBottigheimer, Ruth B. “East Meets West” (2014). og Paulo Lemos Horta har argumentert for at Diyab burde reknast som den opphavlege forfattaren til nokre av sogene som Galland gav ut, og til og med at fleire av desse sogene, inkludert «Aladdin», var delvis inspirerte av Diyab sitt eige liv, ettersom det finst parallellar med sjølvbiografien hans.Paulo Lemos Horta, Marvellous Thieves: Secret Authors of the Arabian Nights (Cambridge, MA: Harvard University Press, 2017), pp. 24-95.
Vidare har forskarar hevda at reiseskildringa gjev ein orientalsk utlending sitt syn på Paris i 1708-1709, og at han gjev eit stort innblikk i andre sider av Diyab si verd. Sjølv om han ikkje alltid speglar det Diyab sjølv var vitn til, gjev sjølvbiografen hans òg informasjon om stadene og kulturane han møtte, og om identiteten hans som ein talentrik orientalsk forteljar.John-Paul Ghobrial, review of Hanna Dyâb, D’Alep à Paris: Les pérégrinations d’un jeune syrien au temps de Louis XIV, ed. and trans. by Paule Fahmé-Thiéry, Bernard Heyberger, and Jérôme Lentin (Sindbad, 2015), The English Historical Review, volume 132, issue 554 (February 2017), 147–49, .
Liv
Kjelder mini|To sider frå Galland-manuskriptet som inneheld historier som seinare blei del av Tusen og ei natt-verket til Galland. Det blei skrive mellom 1450 og 1593. Det meste av det som er kjent om livet til Diyab kjem frå sjølvbiografen hans, som han skreiv i 1763, då han var rundt 75 år gamal. Det overlevde som MS Sbath 254 Vatikanbiblioteket, men dei fyrste sidene manglar. Den livlege forteljinga er blitt skildra som pikaresk,Alastair Hamilton, review of Hanna Dyâb, D’Alep à Paris: Les pérégrinations d’un jeune syrien au temps de Louis XIV, ed. and trans. by Paule Fahmé-Thiéry, Bernard Heyberger, and Jérôme Lentin (Sindbad, 2015), Erudition and the Republic of Letters, 1.4 (2016), 497–98, . og eit verdifullt eksempel på folkeleg mellomarabisk frå Aleppo på 1700-talet, som var påverka av arameisk og tyrkisk.Elie Kallas, 'The Aleppo Dialect According to the Travel Accounts of Ibn Raʕd (1656) Ms. Sbath 89 and Ḥanna Dyāb (1764) Ms. Sbath 254', in De los manuscritos medievales a internet: la presencia del árabe vernáculo en las fuentes escritas, ed. by M. Meouak, P. Sánchez, and Á. Vicente (Zaragoza: Universidad de Zaragoza, 2012), pp. 221–52.
Andre detaljer om livet til Diyab er kjende frå dagbøkene til Antoine Galland og Paul Lucas, som hadde hyra Diyab til å følgja han på reisa frå Aleppo til Paris, Diyab sin ekteskapskontrakt frå 1717, og ei folketeljing i Aleppo frå 1740.Paulo Lemos Horta, Marvellous Thieves: Secret Authors of the Arabian Nights (Cambridge, MA: Harvard University Press, 2017), pp. 25–27.
Tidleg liv i Syria og reisa til Frankrike mini|252x252pk|Historisk utsyn mot Aleppo på 1700-talet. Diyab var fødd inn i ein maronittisk kristen familie i Aleppo, det osmanske Syria, rundt 1688. Han mista faren sin då han var i tenåra. Som ung mann arbeidde han for franske handelsmenn i Syria, og lærte seg fransk og italiensk. Ifølgje Galland hadde Diyab òg kunnskap om provençalsk og tyrkisk; det er òg mogleg at han som maronitt kunne ein del gammalsyrisk.
Diyab var ei kort tid novise i eit maronittisk kloster i Libanonfjella, men bestemte seg for å ikkje bli munk. På veg heim, rundt byrjinga av 1707, møtte han franskmannen Paul Lucas, som var på ei reise på leit etter antikviteter på vegner av Ludvig XIV av Frankrike. Lucas inviterte Diyab til å vera med tilbake til Frankrike for å arbeida som tenar, assistent og tolk. Han meinte han kunne finna ein jobb til han ved Det kongelege biblioteket i Paris.
Dei forlet Aleppo i februar 1707, og reiste til Egypt, Tripoli, Tunisia, Korsika, Livorno, Genova og Marseille før dei kom til Paris tidleg i 1708. Opphaldet til Diyab kulminerte med at han blei motteken i Versailles av kong Ludvig XIV. Diyab blei motteken med ein del spenning i Paris, delvis fordi Lucas fekk han til å kle seg i folkedrakt og ha med seg eit bur med to hoppemyser frå Tunisia. Etter rundt to år var Diyab lei av å søkja lukka i Frankrike, og kom tilbake til Aleppo i 1710.
Historieforteljing til Galland Diyab møtte fyrst orientalisten Antoine Galland den 17. mars 1709, medan han var i Paris. Dagboka til Galland inneheld lange oppsummeringar av soger som Diyab fortalde han 25. mars. Galland skreiv ned fleire soger, tilsynelatande frå munnlege overleveringar, i mai og til juni det året. Han tok med desse verka som eit framhald av den franske omsetjinga si av eit ufullstendig arabisk manuskript av Tusen og ei natt, og nokre av desse sogene blei til dei mest populære og best kjende frå Tusen og ei natt i seinare verdslitteratur.Ulrich Marzolph, 'The Man Who Made the Nights Immortal: The Tales of the Syrian Maronite Storyteller Ḥannā Diyāb', Marvels & Tales, 32.1 (2018), 114–25, . Det verker sannsynleg at Diyab fortalde desse sogen på fransk.Ruth B. Bottigheimer, 'East Meets West: Hannā Diyāb and The Thousand and One Nights', Marvels & Tales, 28.2 (2014), 302–24 (pp. 304–6).Ruth B. Bottigheimer, Hannâ Diyâb, Antoine Galland, and Hannâ Diyâb’s Tales: I. On-the-Spot Recordings, Later Summaries, and One Translation; II. Western Sources in Eastern Texts.” In Mémoires de l’Association pour la Promotion de l’Histoire et de l’Archéologie Orientales. Liège: Peeters,2020. 51-72. Sjølvbiografien til Diyab skildrar Lucas som hadde mirakuløse medisinske evner, men Diyab fekk mindre anerkjenning frå dei franske medarbeidarane sine. Han fekk ikkje noko ære i det publiserte verket til Galland, og ikkje nokon omtale i skriftene til Lucas. Ifølgje sjølvbiografien var Galland redd for at Diyab skulle få ei stilling ved det kongelege biblioteket som han ønskte seg sjølv, og skal ha konspirert for å senda Diyab tilbake til Aleppo.John-Paul Ghobrial, 'The Archive of Orientalism and its Keepers: Re-Imagining the Histories of Arabic Manuscripts in Early Modern Europe', Past & Present, Volume 230, Issue suppl_11 (November 2016), 90–111 (p. 102), .Elie Kallas, 'Aventures de Hanna Diyab avec Paul Lucas et Antoine Galland (1707–1710)', Romano-Arabica, 15 (2015), 255–67.
Seinare liv mini|Tittelside frå Aladdin und die Wunderlampe, illustrert av Max Liebert, 1912. Etter at Diyāb hadde kome tilbake til Aleppo i 1710, blei han ein vellykka kledehandlar med hjelp frå broren Abdallah. Han gifta seg i 1717 og fekk mange barn. I 1740 budde han i eit av dei største hushalda i samfunnet, saman med moren og to eldre brør.
I tillegg til å ha skrive sjølvbiografien sin i 1763, verker det som om Diyab kopierte (eller åtte) eit anna manuskript, Sbath 108 i Vatikanbiblioteket, som inneheld arabiske omsetjingar av reiseskildringa Sefaretname av Ilyas ibn Hanna al-Mawsili om hans eigne reiser, historia hans om den spanske erobringa av Amerika, og ei beretning av den osmanske ambassadøren Yirmisekizzade Mehmed Said Pasha om tida si som ambassadør til Frankrike i 1719.John-Paul A. Ghobrial, 'Stories Never Told: The First Arabic History of the New World', Osmanlı Araştırmaları / The Journal of Ottoman Studies, 40 (2012), 259–82 (pp. 5–6).
Eventyr fortalde av Hanna Diyab
Ulrich Marzolph har laga eit oversyn over sogene som Diyab fortalde til Galland, med dei fleste som blei del av Galland sitt verk Les mille et une nuits:Ulrich Marzolph, 'The Man Who Made the Nights Immortal: The Tales of the Syrian Maronite Storyteller Ḥannā Diyāb', Marvels & Tales, 32.1 (2018), 114–25 (pp. 118–19), .
+Dato (i 1709) TittelATU-typeTal i GallandTal i ChauvinVictor Chauvin, Bibliographie des ouvrages arabes [...], vols. 4–7 (Vaillant-Carmanne and Harrassowitz, 1900–1903).25. mars«nokre svært vene arabiske forteljingar»5. maiAladdin561Vol. 9.2Nr. 196. maiQamar al-din og Badr al-Budūr88810. maiKalifen sine natteeventyrRammeforteljinga, som inneheld tre av dei følgjande:Vol. 10.1Nr. 209Den blinde Babā ʿAbdallāh836F*Vol. 10.2Nr. 725Sīdī Nuʿmān449Vol. 10.3Nr. 371Alī al-Zaybaqberre kort omtale13. maiElfenbeinhesten575Vol. 11.3Nr. 13015. maiGullbyen30622. maiPrins Ahmed og fea Perī-Bānū653A+465Vol. 12.1Nr. 28623. maiSultanen av Samarkand og dei tre sønene hans550+301Nr. 18125. maiDei to systrane som misunna den yngste707Vol. 12.2Nr 37527. maiDei ti vesirane875D*Nr. 48Ali Baba676+954Vol. 11.1Nr 24129. maiKhawājā Hasan al-Habbāl945A*Vol. 10.4Nr. 202Alī Khawājā og kjøpmannen i Bagdad1617Vol. 11.2Nr. 2631. maiTaska, dervisjhornet, fikenane og horna5662. juniHasan, seljaren av urtete
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hanna Diyab» frå , den 6. juli 2026.
Kategori:Eventyrsamlarar Kategori:Fødde i 1680-åra