Naoto Tajima () var ein japansk friidrettsutøvar frå Iwakuni som i 1936 vart olympisk meister i tresteghopp. Han var den fyrste som nådde 16 meter i øvinga.

Aktiv Tajima deltok i Sommar-OL 1932 i Los Angeles, og vart sjettemann i lengdehopp med 7,15 m. To år etter vann han lengdehopp under Fjerne austen-leikane og kom på tredjeplass i tresteg.

Under dei olympiske leikane i Berlin vart lengde-finalen avvikla den 4. august 1936. Jesse Owens frå USA vann med eit hopp på 8,06 meter og tyske Luz Long tok sølv med 7,87 meter. Tajima kneip bronsemedaljen med eit bestehopp på 7,74 m, centimeteren føre tyske Wilhelm Leichum og italienske Arturo Maffei.

Så, den 6. august, var det dags for tresteghopp. Heile 23 mann var med i tevlinga, medrekna den australske verdsrekordhaldaren Jack Metcalfe som hadde hoppa 15,78 meter seint i 1935. Etter den tredje omgangen fekk dei seks beste ytterlegare tre hopp. Tajima leia då tevlinga med eit hopp på 15,76 m, framom Metcalfe med 15,50 m. I den fjerde omgangen smekka Tajima til med 16,00 meter, ny verdsrekord og suveren olympisk triumf.

Tajima la opp i 1938. Verdsrekorden hans gjaldt til brasilianske Adhemar da Silva i 1951 hoppa 16,01 meter.

Japan måtte vente i 64 år før landet fekk ein ny olympisk meister i friidrett. Under Sommar-OL 2000 i Sydney vann maratonløparen Naoko Takahashi gullmedaljen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tajima Naoto» frå , den 10. juli 2026.

World Athletics

Kategori:Japanske friidrettsutøvarar Kategori:Tresteghopparar Kategori:Lengdehopparar Kategori:Olympiske meistrar for Japan Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Japan Kategori:Japanske deltakarar under sommar-OL 1932 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1932 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1936 Kategori:Japanske deltakarar under sommar-OL 1936 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1936