Tampa Bay er ei stor bukt, naturleg hamn og estuar tilknytt Mexicogolfen på kysten av Florida. Det største ferskvasstilløpet hennar er Hillsborough-elva. Mange andre mindre elver og bekker renn òg ut i Tampa Bay, noko som gjev bukta eit stort nedslagsfelt. Mindre delar av bukta er Hillsborough Bay, McKay Bay, Old Tampa Bay, Middle Tampa Bay og Lower Tampa Bay.
Hamner ved Tampa Bay Port Tampa Bay (kjend som Port of Tampa til 2014). Den eldste hamna i Tampa Bay som kan førast tilbake til bryggene ved Fort Brooke frå 1820-talet. Ligg no aust og søraust for Tampa sentrum i buktene Hillsboro og McKay. Ho er den største hamna i Florida og den 10. største i landet. Port Tampa Bay står for halvparten av lasten i Florida i volum, roll-on/roll-off, nedkjølt og konteinerlast og petroleumsprodukt. Ho huser også mykje skipsbyggings og -verkstadindustri og fleire cruiseskipterminalar. Port Tampa: Skipa i 1885 av Henry B. Plant ved endestasjonen til jernbanestasjonen Plant System ved austbreidda av Old Tampa Bay. Blei forbigått i last og viktigheit av Port of Tampa tidleg i 1900-åra, men er framleis ein viktig mottaksstad for flydrivstoff som blir sendt i røyr til Tampa International Airport og MacDill Air Force Base. Port Manatee: Ligg på sørbreidda av Lower Tampa Bay. Har mest ankringsplass for nedkjølt frakt av alle hamnene i Mexicogolften. Rangert som nummer fem av dei fjorten sjøhamnene i Florida med omsyn til årleg last. Port of St. Petersburg ved St. Petersburg i Old Tampa Bay, driven av byen. Ho er den minste hamna i Florida, og er hovudsakleg nytta av private fartøy. United States Coast Guard har ein stasjon her.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tampa Bay» frå og «Tampa Bay» frå , den 16. juli 2026.
Kategori:Bukter i USA Kategori:82°W Kategori:27°N Kategori:Geografi i Florida