Engelsktistel (Cirsium dissectum) er ein fleirårig plante i vegtistelslekta. Han finst i Vest-Europa nord til Dei britiske øyane. Tistelen føretrekk å veksa i fuktige myrområde, og finst i jordvassmyrer og mindre sure torvmyrer.Altervista Flora Italiana, Cardo sbrandellato, Cirsium dissectum (L.) Hill

Skildring mini|venstre|Nærbilde av blomen. mini|venstre|Eng med engelsktistel i Groot Zandbrink i Nederland.

Cirsium dissectum blir 15 til 50 cm høg. Han liknar ein slankare versjon av kvitbladtistel Cirsium heterophyllum med ein rilla, mjuk stilk og lansettforma blad med piggar. Skilnadar er at blada er smalare (under 3 cm), mindre hårete på undersida og hårete på oversida.Wildflowers of the British Isles

Korgene på blomestanden er 2-3 cm lange. Blomane er mørkeraude eller lilla, og blømer frå juni til august.

Planten kan spreia seg gjennom utløparar eller frø.

Liknande arter Cirsium tuberosum liknar denne arten, men har rotknollar i staden for å utløparar, og blada er to gonger parflika. Han finst i kalkrike grassletteland, men er svært sjeldan. Han er registrert i Storbritannia, i Cambridgeshire, Glamorgan og Wiltshire.

Han blømer frå juni til juli.

Utbreiing Arten veks mellom anna i Storbritannia, Irland, Belgia, Frankrike, Nederland, Tyskland, Italia, Spania og Ungarn. Han er blitt funnen i Noreg, men blei sist sett i 1971. Han er rekna som dørstokkart med låg økologisk risiko sidan han truleg har lite potensiale til å bli invasiv og lita økologisk effekt for innfødde tistelartar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Cirsium dissectum» frå , den 18. juli 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Planteliv i Europa