Alejandro Francisco Casañas Ramírez () er ein kubansk tidlegare hekkeløpar frå Havanna som vann to OL-sølv i 110 meter hekk og som i 1977 sette verdsrekord i øvinga.
Aktiv Casañas fekk tida 13,44 sekund og sigra på 110 meter hekk ved dei panamerikanske leikane 1975 i Mexico-byen. Under Sommar-OL 1976 i Montreal sette han personbeste 13,33 i finalen på korthekken, og vart slått med tre hundredels sekund av vinnaren, franske Guy Drut. Saman med det kubanske mannskapet på 4 x 100 meter stafett enda Casañas på femteplassen i Montreal-leikane.
Den 21. august 1977 i Sofia sletta Casañas den fem år gamle verdsrekorden til Rod Milburn. Tida 13,21 gjaldt som verdsrekord i knappe to år. Sommaren 1980 tok Casañas si andre olympiske medalje. I Moskva kom han i mål på 13,40 sekund, ein fattig hundredel av eit sekund bakom Thomas Munkelt frå Aust-Tyskland.
Casañas deltok i VM i friidrett 1983, braut av tevlinga etter å ha kvalifisert seg til semifinale. Han la opp i 1987.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Alejandro Casañas» frå , den 19. juli 2026.
World Athletics
Kategori:Cubanske hekkeløparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Cuba Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1976 Kategori:Cubanske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1980 Kategori:Cubanske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980