Paul Lindau () var ein tysk forfattar, journalist og teaterregissør frå Magdeburg.
Etter å ha studert filosofi og litteraturhistorie i Halle, Leipzig og Berlin, reiste Lindau til Paris der han møtte Victorien Sardou, Émile Augier og Alexandre Dumas den yngre.
Heimkomen til Tyskland redigerte han etter tur fire ulike aviser i fire ulike byar. I 1871 flytta han til rikshovudstaden Berlin og grunnla vekebladet Die Gegenwart, som han styrte til 1881. I 1877 grunnla han månadsmagasinet Nord und Süd. Lindau klarte å få mange av dei fremste forfattarane til å bidra til dei to publikasjonane, karar som Berthold Auerbach, Theodor Fontane, Karl Gutzkow, Paul Heyse, Friedrich Schrader og Gottfried Keller. Han utga Nord und Süd fram til 1904.
Lindau hadde suksess som dramatikar i tida 1870-80, spesielt med skodespelet Maria und Magdalena. Han hadde også ein stor lesarskare som romanforfattar, fremst med romansyklusen Berlin (1886–88), og som reiseskildrar.
1895-99 leia Lindau hoffteatret i Meiningen. Tilbake i Berlin var han sjef for Berlinteateret frå 1900 til 1903. Til sist, 1909-17 var han dramaturg ved Schauspielhaus.
Lindau var ein dei fyrste som leika med det kunstnariske i film. Han skreiv manus til filmen Der Andere. Denne filmen, som som Max Mack regisserte, vert rekna som den fyrste tyske auteur-filmen og bidrog til at det nye mediet oppnådde eit kunstnarisk gjennombrot.
Av Lindau sine litterære verk kom, mellom andre, Helene Jung, Margarethe Lessen, Lolo og Ny Fortællinger ut på norske forlag i tida 1886-1899.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Paul Lindau» frå , den 30. juli 2026.
Kategori:Tyske forfattarar Kategori:Tyske journalistar