Kommunar (slovakisk obec, fleirtal obcí) er ei administrativ inndeling av Slovakia. Landet er delt inn i 8 regionar (slovakisk kraj, fleirtal kraje) som er delte inn i 79 distrikt (slovakisk okres, fleirtal okresy). Desse er igjen delte inn i kommunar.
Det er (i 2026) 2890 kommunar i Slovakia. Ifølgje Lov av 06.09.1990 nr. 369/1999 om organisering av kommunar kan ein kommune få status som bykommune på visse vilkår. Det er (i 2026) 141 slike bykommunar i landet.
Byane Bratislava og Košice er eigne kommunar, men er adminstrativt delte inn fleire distrikt og bydelar. Bratislava har fem distrikt med 17 bydelar og Košice har fire distrikt med 22 bydelar.
Referanser
Bakgrunnsstoff
Kategori:Administrative inndelingar i Slovakia
Slovakia