Atom Heart Mother er det femte studioalbumet til det engelske rockebandet Pink Floyd. Det kom ut på Harvest den 2. oktober 1970 i Storbritannia og på Capitol den 10. oktober 1970 i USA. Det vart innspelt i Abbey Road Studios i London i England, og var det første albumet deira som gjekk til topps i Storbritannia, medan det nådde 55. plassen i USA. Til slutt selde det til gullplate der. Ron Geesin, som alt hadde vore ei inspirasjonskjelde og samarbeidd med Roger Waters, medverka på tittelsporet og står oppført som komponist i lag med resten av bandet.

Plateomslaget vart designa av Hipgnosis og var det første utan noko fotografi av bandet. Dette var ein trend dei fortsette med ut karrieren.

Sjølv om det selde godt då det kom, har bandet, særleg Waters og David Gilmour, vore negative til albumet i nyare år. Likevel har det vore populært nok til at Gilmour framførte tittelsporet med Geesin i 2008.

Innspeling left|mini|Roger Waters på scenen i Leeds University, 28. februar 1970. Ein av dei første konsertframføringane av tittelsporet var på denne konserten.

Pink Floyd byrja å arbeide på albumet etter å ha spelt inn sine bidrag til filmen Zabriskie Point i Roma, som enda med noko bitterheit. Dei drog attende til London tidleg i 1970 for å øve. Fleire av dei unytta opptaka frå Roma-innspelingane vart nytta til å setje saman nytt materiale under desse øvingane, men somme av desse, som «The Violent Sequence», som seinare vart til «Us and Them», vart ikkje brukt på ei tid.

Side ein Tittelsporet til Atom Heart Mother oppstod frå ei rekkje instrumentalar som bandet hadde komponert under desse øvingane, mellom anna akkordprogresjonen til hovudtemaet, som gitaristen David Gilmour hadde kalla «Theme from an Imaginary Western», og den tidlegaste dokumenterte framføringa av denne var 17. januar 1970 ved Hull University. Bandet følte at konsertframføringane utvikla stykket til ei handterbar form. Innspelinga av sporet tok til i Abbey Road Studios i London, og var noko strevsam, sidan det var den førte innspelinga med ein ny 8-sporsopptakar og EMI TG12345 transistorbaserte miksebord (8-spor, 20 mikrofoninngangar) i studio, og som følgje av dette insisterte EMI på at bandet ikkje fekk lov å kutte opp lydbandet for å redigere stykka saman. Derfor hadde ikkje bandmedlemmane Roger Waters og Nick Mason noko anna val enn å spele høvesvis bass og trommer for heile det 23 minuttar lange stykke i ein omgang. Dei andre instrumenta til bandet vart lagt til sidan. Mason hugsa at mangelen på nøyaktig tempo skapte problem for dei seinare.

Innan mars hadde dei fullført innspelinga av sporet, men følte det var heller ufokusert og trengde noko anna. Bandet hadde blitt introdusert for Ron Geesin via turnémanageren til Rolling Stones, Sam Cutler, og var imponert over komposisjonane hans og måten hand handterte lydbandredigering på, særleg Waters og Mason. Geesin fekk overlevert heile sporet som bandet hadde spelt inn og spurt om å komponere eit orkesterarrangement over dette, medan bandet drog på turné til USA. Geesin skildra komponeringa og arrangementa som «veldig mykje arbeid. Ingen visste kva dei ønskte, dei kunne ikkje lese notar …» I følgje han kom Gilmour opp med somme melodilinjer, medan dei to og klaverspelaren Richard Wright arbeidde med den midtre kordelen. Då dei skulle spele inn arbeidet hans i juni med EMI Pops Orchestra, var musikarane som deltok lite nøgd med å måtte spele avantgarde musikk i staden for klassiske verk og komponert med at delar av stykke var vanskeleg å framføre, sjikanerte dei han under innspelinga. John Alldis og koret hans song òg på sporet og Alldis hadde erfaring med orkestermusikarar og leia innspelinga i staden for Geesin.

Sporet heitte opphavleg «The Amazing Pudding», men i dei opphavlege notane til Geesin stod det «Untitled Epic». Ein utbetra versjon (med Geesin sine parti) vart framført på Bath Festival of Blues and Progressive Music den 27. juni. Namnet vart endra etter at bandet skulle spele på ein «in concert»-sending for BBC Radio 1 den 16. juli 1970, og trengde ein tittelen som John Peel kunne annonsere. Geesin peikte på ei utgåve av Evening Standard, og føreslo at Waters kunne finne ein tittel der. Overskrifta var «ATOM HEART MOTHER NAMED», ein artikkel om ei kvinne som hadde fått ein atomdriven pacemaker. Det vart halde ein gratiskonsert i Hyde Park i London i juli 1970 arrangert av dei tidlegare Floyd-managerane Peter Jenner og Andrew King, med Geesin i publikum, som var sjokkert over framføringa.

Slik stykket vert presentert på det ferdige albumet er ei utvikling frå dei tidlege instrumentale stykka til Pink Floyd, som «A Saucerful of Secrets» eller «Interstellar Overdrive». «Atom Heart Mother» tar opp heile side ein av albumet og var delt inn i seks delar, som kvar hadde sin eigen tittel. Geesin valde å kalle opningsdelen «Father's Shout» etter Earl «Fatha» Hines, medan andre namn som «Breast Milky» og «Funky Dung» var inspirert av plateomslaget. Orkesterarrangementa med fullt hornorkester, ein cello og det 16 mann store John Alldis-koret, som spelar og syng dei fleste melodilinjene, medan Pink Floyd berre akkompagnerer, var motsett av det som var vanleg i 1960-åra der orkesteret var i bakgrunnen og bandet i framgrunnen.

Side to mini|right|Innan 1970 hadde Rick Wright byrja å bruke eit Hammond M102-orgel fast på scenen, og vert mykje brukt på dette albumet.

Konseptet på dette albumet var mykje likt det førre albumet, Ummagumma, sidan det fokuserer på songar av kvart enkeltmedlem på andre halvdel. Side to opnar med tre fem minuttar lange songar, ein kvar av dei tre faste låtskrivarane til bandet, og avsluttar med ein suite av lydeffektar, hovudsakleg sett saman av Mason, men tilskriven heile gruppa. Waters bidrog med ei vise kalla «If», framført på akustisk gitar. Pink Floyd spelte sjeldan denne songen på konsertane, men Waters har spelt han ein del på solokonsertane under Radio K.A.O.S.-turneen meir enn eit tiår seinare. Denne vart etterfølgd av Wright sin «Summer '68», som òg nyttar blåseinstrument. Denne kom ut på singel i Japan i 1971, og var det einaste sporet på albumet som ikkje vart framført på konsertane deira. Songen handla visstnok om eit møte mellom Wright og ein groupie under ein turné, og hadde arbeidstittelen «One Night Stand».

I følgje Mason, fekk Gilmour, som hadde skrive få songar på den tida, beskjed om å bli verande i Abbey Road fram til han hadde skrive ein song som passa inn på albumet. Han kom med den viseaktige «Fat Old Sun», som han framleis omtaler som ein av dei personlege favorittane sine. Songen vart spelt fast under konsertane deira i 1970-1971 og vart òg framført av Gilmour på turneen hans i 2006.

Det siste sporet, «Alan's Psychedelic Breakfast», er delt inn i tre delar, kvar med sin eigen, skildrande tittel, i lag med dialog og lydeffektar frå scenearbeidaren Alan Styles som lagar og et frukost medan han pratar. Ideen for stykket kom til då Waters eksperimenterte med rytmen til ein drypande spring, i lag med lydeffektar og prat innspelt av Mason på kjøkenet hans blanda med musikk innspelt i Abbey Road. Ein lett omarbeidd versjon vart framført på scenen 22. desember 1970 i Sheffield City Hall i Sheffield i England der bandmedlemmane tok pausar mellom stykka for å ete frukost. Den originale LP-versjonen endar med lyden av den drypande springen i ei indre vinylrille som gjekk i det uendelege fram til plata vart stoppa manuelt.

Den opphavlege frontmannen i Pink Floyd, Syd Barrett, spelte inn albumet sitt Barrett kring same tida som Atom Heart Mother, med assistanse frå Gilmour og Wright. Han vitja stundom det gamle bandet sitt for å sjå kva dei heldt på med.

Plateomslag mini|Ku av same slaget som blei vist på plateomslaget til Atom Heart Mother.

Det originale plateomslaget vart designa av Hipgnosis og syner ei holstein-frisisk ku som står i ei eng utan noko tekst eller hint til kva som er på albumet. Somme seinare utgåver hadde tittelen og artistnamnet på framsida. Dette konseptet var ein reaksjon på at dei vart omtalt som psykedelisk space rock. Bandet ønskte å utforske alle typar musikk utan å vere avgrensa av eit særskild image eller spelestil. Dei bad derfor om «noko enkelt» på framsida, som då enda opp med å vere eit bilete av ei ku. Storm Thorgerson var inspirert av den kjende ku-tapetet til Andy Warhol og sa at han berre køyrde ut på landsbygda nær Potters Bar og fotograferte den første kua han såg. Eigaren av kua har identifisert ho som «Lulubelle III». Fleire kyr er avbilda på baksida, igjen utan tekst eller titlar, og på innsida av omslaget. Ein rosa ballong forma som juret på ei ku følgde òg albumet som eit ledd i marknadsføringskampanjen til Capitol for bandet i USA.R. Serge Denisoff, Solid gold: the popular record industry , s. 174, Transaction Publishers (1975), Teksten i seinare CD-utgåver inneheldt oppskrifta for eit tradisjonell beduinsk bryllaupsmåltid på eit kort kalla «Breakfast Tips». Oppskrifta var ein fylt kylling inni eit lam, inni ei geit, inni ein kamel, som så skulle grillast. Thorgerson snakka om omslaget i ettertid: «Eg trur kua representerer ein del av humoren til Pink Floyd, som eg syns ofte er undervurdert eller lite omtalt.»

I midten av 1970-åra kom ei piratkopiplater med sjeldne singlar og B-sider kalla The Dark Side of the Moo med eit liknande omslag. Som Atom Heart Mother stod det ingenting på omslaget, men denne gongen var det for å bevare anonymiteten til personen som hadde laga plata. Plateomslaget til The KLF-albumet Chill Out var òg inspirert av Atom Heart Mother.

Utgjeving og mottaking

Atom Heart Mother vart gjeven ut 2. oktober 1970 i Storbritannia og 10. oktober i USA. Det gjekk til topps i Storbritannia og nådde 55. plassen i USA. Det kom ut i kvadrofonisk format i Storbritannia, Tyskland og Australia. Ei ommastra utgåve kom ut på CD i 1994. Mobile Fidelity Sound Lab gav ut ein 24-karats gull-CD i USA i 1994. Som ein del av kampanjen Why Pink Floyd...? vart plata ommastra og gjeven ut på ny i 2011. Albumet vart nok ein gong gjeven ut att i 2016 på etiketten Pink Floyd Records.

Kritikarane har alltid hatt forskjellige reaksjonar til suiten og alle bandmedlemmane har sidan uttrykt seg negativt. Gilmour har sagt at albumet «berre var søppel. Me var langt nede på den tida ... eg trur me skrapa botnen av tønna.» og «det var ein god idé, men resultatet vart forferdeleg... Atom Heart Mother høyrest ut som alle mangla gode idear, men me vart mykje betre etter det.» I eit intervju i 1984 på BBC Radio 1 sa Waters «Om nokon hadde sagt til meg no - ok - her er ein million pund, gå ut og spel Atom Heart Mother, ville eg sagt det var ein jævla spøk.»

I ei melding i 1970 vurderte Alec Dubro i Rolling Stone Atom Heart Mother negativt og skreiv «om Pink Floyd leitar etter nye dimensjonar, så har dei ikkje funne dei her.» I Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981) sa Robert Christgau at suiten var lettare å fordøye enn songane på andresida: «Ja, dei let eit anonymt, dels klassisk kor gjere synginga, og ja, dei fekk truleg dei same blåsarane på same stad. Men i det minste har suiten eit par av dei hypnotiske melodiane som gjorde Ummagumma eit så bra album å sovne til.»

Konsertframføringar