The Division Bell er det fjortande studioalbumet til det engelske rockebandet Pink Floyd, gjeve ut 28. mars 1994 på EMI Records i Storbritannia og 4. april på Columbia Records i USA.
Det var det andre Pink Floyd-albumet som vart spelt inn utan det opphavlege medlemmet Roger Waters og vart stort sett skrive av gitaristen og songaren David Gilmour og klaverspelaren Richard Wright. Wright song solovokal på plata og det var første gongen på eit Pink Floyd-album sidan The Dark Side of the Moon (1973). Forloveden til Gilmour, Polly Samson, skreiv mange av tekstane i lag med Gilmour og dei omhandla kommunikasjon. Det var det siste Pink Floyd-albumet som vart spelt inn med Wright, som døydde i 2008.
Albumet vart spelt inn i bandet sitt eige Britannia Row Studios og husbåten til Gilmour, Astoria. Produksjonsteamet bestod av folk som hadde samarbeidd med Pink Floyd lenge, som produsenten Bob Ezrin, lydteknikaren Andy Jackson, saksofonisten Dick Parry og bassisten Guy Pratt.
The Division Bell fekk blanda kritikk då det kom, men gjekk til topps på albumlistene i både Storbritannia og USA. Det selde til dobbelt platinaplate i USA same året som det kom ut og 3x platina i 1999. Det vart etterfølgd av ein turné i USA og Europa. Unytta materiale frå Division Bell-innspelingane vart ein del av det neste albumet til Pink Floyd, The Endless River (2014).
Innspeling venstre|mini|Innspelingsstudioet til David Gilmour, Astoria I januar 1993 byrja gitaristen David Gilmour, trommeslagaren Nick Mason og klaverspelaren Richard Wright å improvisere nytt materiale i eit nyoppussa Britannia Row Studios. Dei henta inn bassisten Guy Pratt og i følgje Mason påverka spelinga til Pratt stemninga i musikken.. Utan dei rettslege problema som forfølgde produksjonen av A Momentary Lapse of Reason i 1987, kunne Gilmour slappe av. Når han meinte at bandet gjekk framover, spelte han det inn på ein to-spors DAT-opptakar. På eit tidspunkt tok Gilmour i skjul opp Wright som spelte og dette danna grunnlaget for tre musikkstykke.
Etter kring to veker hadde bandet kring 65 musikkstykke. Med lydteknikaren Andy Jackson og medprodusenten Bob Ezrin, flytta produksjonen over til husbåten til Gilmour og platestudioet Astoria. Bandet stemde over kvart spor og fekk skore det ned til kring 27 musikkstykke. Dei fjerna nokre spor, sette saman andre og kom fram til omkring elleve songar. Songutvalet var basert på eit poengsystem, der dei tre medlemmane kunne gje opp til ti poeng for ein mogeleg song. Fordelinga vart noko skeiv då Wright gav sine eigne songar ti poeng kvar, og ingen til dei andre. Wright, som hadde fått sparken av bassisten Roger Waters i 1979, var ikkje kontraktsmessig eit fullverdig medlem av bandet, noko som irriterte han. Wright sa: «Det kom nære eit punkt der eg ikkje kom til å spele på albumet, fordi eg meinte at me ikkje hadde kome fram til ein rettferdig avtale.» Wright vart oppført som låtskrivar på eit Pink Floyd-album for første gongen sidan Wish You Were Here i 1975. mini|Sam Brown medverka på vokal. Foto frå 2006 med Jools Hollands band. Forfattaren Polly Samson, som var trulova med Gilmour, vart òg oppført som låtskrivar. I starten var rolla hennar avgrensa til å oppmuntre Gilmour, men ho hjelpte han å skrive «High Hopes», ein song om barndommen til Gilmour i Cambridge. Ho var òg medlåtskrivar på seks andre songar, noko Ezrin mislikte. I eit intervju med Mojo sa Gilmour at bidraga til Samson hadde «rufsa til fjøra til mangementet», men Ezrin sa seinare at ho hadde vore inspirerande for Gilmour og at ho «drog heile albumet saman». Ho hjelpte òg Gilmour, som etter skilsmissa si hadde utvikla eit kokainproblem.
Klaverspelaren Jon Carin, perkusjonisten Gary Wallis og korvokalistar, mellom andre Sam Brown og Momentary Lapse-turnésongaren Durga McBroom, vart henta inn før innspelinga byrja. Bandet flytta til Olympic Studios og spelte inn dei fleste songane der i løpet av ei veke. Etter ein sommarpause drog dei attende til Astoria for å spele inn fleire lydspor. Ezrin arbeidde på trommelyden og Michael Kamen skreiv strykearrangement, som vart spelte inn i Abbey Road Studio 2 av Steve McLaughlin. Dick Parry spelte saksofon på sitt første Pink Floyd-album på nesten 20 år, då han spelte på «Wearing the Inside Out», og Chris Thomas skapte den endelege miksen. Mellom september og desember vart innspeling og miksing utført i Metropolis Studios i Chiswick og Creek Recording Studios i London. I september spelte Pink Floyd på ein veldedig konsert i Cowdray House i Midhurst. Albumet vart mastra i Mastering Lab i Los Angeles av Doug Sax og James Guthrie.
Jackson redigerte unytta materiale frå Division Bell-innspelingane, som av Mason vart skildra som ambient, til ein timeslang komposisjon som fekk den mellombelse tittelen The Big Spliff,«The Return of the Parts of Something: The Making of The Endless River», by Daryl Easlea, Prog 2014. oktober s. 38-45 men Pink Floyd valde å ikkje gje dette ut. Noko av The Big Spliff vart nytta til å skape det neste albumet deira, The Endless River (2014).
Instrumentering Med hjelp av gitarteknikaren til Gilmour, Phil Taylor, fann Carin nokre av dei eldre klaverinstrumenta til Pink Floyd i eit lager, mellom anna eit Farfisa-orgel. Somme av lydane som vart sampla frå desse instrumenta, vart nytta på spora «Take It Back» og «Marooned». I tilleg til Carin spelte òg Ezrin klaverinstrument. Durga McBroom song korvokal i lag med Sam Brown, Carol Kenyon, Jackie Sheridan og Rebecca Leigh-White.
«What Do You Want from Me» var inspirert av Chicago blues og «Poles Apart» har viseaktige element. Dei improviserte gitarsoloane til Gilmour på «Marooned» vart spelte med ein DigiTech Whammy-pedal for å endre tonehøgda på gitartonane ein heil oktav. På «Take It Back» brukte han ein EBow, eit elektronisk apparat som simulerer lyden av ein boge på strengane, på ein Gibson J-200-gitar gjennom ein Zoom-effektpedal.
Tema The Division Bell omhandlar kommunikasjon og ideen om at det å snakke saman kan løyse mange problem.. Songar som «Poles Apart» og «Lost for Words» har blitt tolka som ein referanse til det dårlege forholdet mellom Pink Floyd og Roger Waters, som slutta i 1985. Gilmouar har derimot nekta for dette og sa: «Folk kan tolke og reagere på ein song på sin eigen måte, men det er litt for seint for oss no å mane fram Roger.» Tittelen syner til division bell, bjølla i det britiske parlamentet det vert ringt i når det er tid for avstemming. Trommeslagaren Nick Mason sa: «Det handlar om folk som tar val, ja eller nei.»
«A Great Day for Freedom vart skriven nokre år etter at Austblokka fall og sidestiller den generelle gleda då Berlinmuren fall med påfølgjande krigar og etnisk reinsing, særleg i Jugoslavia. Lydklipp av Stephen Hawking, som opphavleg vart spelte inn for ein fjernsynsreklame for BT, vart brukt på «Keep Talking».(liner notes from Echoes) Gilmour vart så rørt av meininga til Hawking i reklamen at han kontakta reklameselskapet for å få løyve til å bruke opptaket. Mason sa han meinte det var «politisk ukorrekt å hente idear frå reklame, men at det var eit særs relevant opptak». Heilt på slutten av albumet kan ein høyre stesonen til Gilmour, Charlie, som legg på røyret etter at Pink Floyd-manageren Steve O'Rourke har ringt. O'Rourke hadde hatt eit sterkt ønske om å vere med på eit Pink Floyd-album.
Tittel og plateomslag For å unngå å konkurrere med andre albumutgjevingar, slik det hadde skjedd med A Momentary Lapse, sette Pink Floyd ein frist til april 1994 med å få ut albumet. Det var same månaden som dei skulle leggje ut på turné. Innan januar det året hadde bandet framleis ikkje ein albumtittel. Titlane som vart vurderte var Pow Wow og Down to Earth. Under ein middag skal forfattaren Douglas Adams, som vart lovd ei betaling til ein veldedig organisasjon etter hans eige ynskje, Environmental Investigation Agency, ha føreslått The Division Bell, som er nemnt i songen «High Hopes».
Den mangeårige samarbeidspartnaren til Pink Floyd, Storm Thorgerson, fekk oppgåva med å lage plateomslaget. Han reiste to store metallhovud, kvar på høgd med ein dobbeltdekkarbus, på ei eng nær Ely. Skulpturane vart sette mot kvarandre og fotograferte i profil, og kan sjåast som to andlet som snakkar med kvarandre, eller at dei i lag dannar eit tredje andlet. Thorgerson sa at det «tredje fråverande andletet» var ein referanse til Syd Barrett. Skulpturane vart utforma av Keith Breeden, og konstruert av John Robertson. Ely-katedralen er synleg i horisonten. Biletet vart teken i februar for optimale lysforhold. I 2001 vart skulpturane utstilte i Rock and Roll Hall of Fame i Cleveland i Ohio. I 2017 vart dei flytta til Victoria and Albert Museum i London for ei Pink Floyd-utstilling.https://www.planetrock.com/news/rock-news/photos-the-division-bell-heads-loaded-into-vanda-museum-for-pink-floyd-exhibition/ Ei alternativ utgåve av omslaget, med to 7,5 meter høge skulpturar i stein av Aden Hynes vart brukt på kassettutgåva og turnébrosjyrane.
Utgjeving og sal On 10. januar 1994 vart det halde ein pressekonferanse for å annonsere The Division Bell og den komande verdsturneen i den tidlegare US Naval Air Station i Nord-Carolina i USA. Det vart bygd eit luftskip for føremålet, og denne flydde kring USA fram til han vrat øydelagd av eit torevêr den 27. juni. Delar av luftskipet vart selt som suvenirar. Bandet heldt ein annan konferanse i Storbritannia den 21. mars. Denne gongen brukte dei eit anna luftskip som var måla som ein fisk og som tok journalistar på tur over London. Luftskipet var lyst opp frå innsida lik at det lyste på nattehimmelen. Det vrt òg flydd over Nord-Europa .
The Division Bell kom ut i Storbritannia på EMI Records den 28. mars 1994, og i USA den 4. april, og gjekk rett til topps på albumlistene i begge landa. The Division Bell selde til sølv- og gullplate i Storbritannia den 1. april 1994, platina ein månad seinare og 2x platina den 1. oktober. I USA selde det til gullplate og 2x platina den 6. juni 1994, og 3x platina den 29. januar 1999.
I USA debuterte albumet på toppen av Billboard 200 veka 23. april 1994 og selde meir enn 460 000 eksemplar, som på den tida var den 12. største salet på ei veke etter at Billboard byrja å bruke SoundScan i mai 1991 og det femte største førstevekesalet fram til då. Den neste veka vart det liggande på topen av lista og selde litt mindre enn halvparten av det det gjorde den første veka, 226 000 eksemplar. Den neste veka var salet falle til 157 000 eksemplar, men vart likevel framleis liggande på toppen av albumlista. Den neste veka, 14. mai 1994 var The Division Bell framleis på toppen av Billboard 200, men salet hadde falle med 17 %. I den femte veka fall albumet ned til fjerdeplassen på lista. Plata låg i alt 53 veker inne på Billboard 200. I 1999 fekk det 3x platina i USA for over tre millionar selde eksemplar.
Turné To dagar etter albumet kom ut byrja The Division Bell-turneen på Joe Robbie Stadium i Miami. Setlista byrja med «Astronomy Domine» frå 1967, før dei gjekk til to spor frå A Momentary Lapse of Reason frå 1987 og The Division Bell. Songar frå Wish You Were Here, The Dark Side of the Moon og The Wall vart òg spelte. Med seg på scenen hadde dei Sam Brown, Jon Carin, Claudia Fontaine, Durga McBroom, Dick Parry, Guy Pratt, Tim Renwick og Gary Wallis. Turneen fortsette i USA til midten av juni, før dei flytta til Canada og så attende til USA i juli. Då turneen nådde Europa seint i juli avslo Waters ein invitasjon om å bli med bandet på scenen og sa sidan at han var irritert over at Pink Floyd-songa vart spelte på store spelestader igjen. Den første konserten i Storbritannia den 12. oktober, kollapsa ein seteseksjon for 1 200 menneske, men ingen vart alvorleg skadd. Konserten vart då flytta til ein annan dato.