George Michael (fødd Georgios Kyriacos Panayiotou; ) var ein britisk artist som song og spelte hovudsakleg pop og funk. Han har selt 100 millionar plater på verdsbasis.
Liv og virke
Bakgrunn Georgios Kyriacos Panayiotou var son av ein gresk kypriotisk far og ein engelsk mor. Far hans var Kyriacos Panayiotou, ein restauranteigar som hadde flytta til England i 1950-åra og bytta namn til Jack Panos. Mamma til Michael, Lesley Angold Harrison, var ein engelsk dansar. Ho døydde av kreft i 1997. Michael budde mesteparten av barndomen sin i Nord-London, som i 1980-åra husa mange gresk-kypriotar. Barndomsheimen hans var kjøpt av foreldra like etter at han blei fødd. Då han var tenåring flytta familien til Radlett, og Michael blei elev ved Bushey Meads School, der han traff Andrew Ridgeley. Dei to hadde same karriereambisjon: Dei ville bli musikarar.[A Different Story: George Michael Biographical DVD]
Karriere Michael byrja karrieren sin med å stifta bandet The Executive saman med venane sine David Austin og Andrew Ridgeley, men bandet eksisterte berre ei kort tid.
Det var fyrst då han danna duoen Wham! saman med Ridgeley i 1981 at han fekk framgang. Det fyrste albumet til gruppa, Fantastic!, blei ein rask suksess. I løpet av mindre enn eit år kom debutsingelen til duoen «Wham Rap!» og den andre singelen «Young Guns (Go For It)». Desse var dei første av ei rekkje topp 10-hitar på UK Singles Chart. Kort tid etter kom «Bad Boys», «Club Tropicana», «Wake Me Up Before You Go Go», «Freedom», «Last Christmas/Everything She Wants», «I'm Your Man» og eit nytt album, Make It Big.
George song òg på den første Band Aid-innspeling av «Do They Know It's Christmas?» frå 1984.
På grunn av suksess med soloutgjevingane Careless Whisper (1984) og A Different Corner (1986) oppstod det rykte om ei snarleg oppløysing av Wham!, og duoen blei oppløyst sommaren 1986 etter ein avskjedssingel, «The Edge Of Heaven», eit album og ein utselt konsert på Wembley stadion, der over 1 million menneske søkte om dei 72 000 billettane.
Seinare hadde Michael stor suksess som soloartist.
Michael selde over 100 millionar plater.BBC.com Michael seeking 'a quieter life' Han hadde tolv singlar og sju album på fyrsteplassen i Storbritannia, og ti singlar og eit album på fyrsteplassen i USA.
Alle dei fire studioalbuma hans nådde fyrsteplassen på hitlistene i Storbritannia, og var dessutan store internasjonale suksessar.
Michael blei innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2023.Omtale på nettstedet til Rock and Roll Hall of Fame; besøkt 22. november 2023.
Han døydde i heimen sin etter anteken hjartesvikt. Obdusjonsrapporten, som vart lagt fram 7. mars 2017, viste ifølgje NTB at George Michael leid av ein hjartesjukdom og døydde av naturlege årsaker.
George Michael stod fram som homofil og var sidan 2012 i eit forhold med den australske hårstylisten og frilansfotografen Fadi Fawaz. Det var Fawaz som fann Michael død.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «George Michael» frå , den 18. august 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Engelske songarar Kategori:Engelske låtskrivarar