Yungas (Aymara yunka; «varme eller tempererte andesfjell eller jord», quechua yunka; «varmt område i skråninga av Andes») er eit omgrep som i dag blir nytta til å referere til økoregionar i Sør-Amerika.

Under inkatida refererte omgrepet yunga både til dei vestlege og austlege skråningane av Andesfjella, folket som levde der og språket deira. I den spanske kolonitida vart yunga først og fremst assosiert med den vestlege foten av åsane nær ørkenkysten og dei lokale urfolka. I dag kan yunga referere til dei nedre skråningane på begge sider av Andesfjella, sjølv om yunga hovudsakleg karakteriserer austsida av landet mellom høglandet i Andes og Amazonasbassenget, og har stort sett mista dei etniske assosiasjonane omgrepet tidlegare hadde.

Yungas er del av namnet på to provinsar i La Paz-departementet i Bolivia, Nor Yungas og Sud Yungas.

Yungas som økoregionar

World Wide Fund for Nature (WWF) har skildra og gjeve namn til tre økoregionar kor yungas er ein del av namnet. Økoregionane er geografisk avgrensa langs austsida av Andesfjella.

«Yungas-regionane» ligg alle i ei overgangssone mellom Puna i høglandet og dei lågare, austlege regionar, slik som Fuktige skogar i sørvestlege Amazonas i nord og Gran Chaco i sør. Klimaet i regionane er variert og varierer frå eit fuktig tropisk klima til det kalde Andesfjella over 3000 moh.

Yungas-regionane er:

Yungas i Peru (engelsk: Peruvian Yungas) er ein økoregion langs dei austlege skråningane av Andes i Peru. Han strekker seg frå området kring Marañóndalen i nord, sørover til nær grensa mot Bolivia, og dekker om lag 187 000 km². Landskapet er sterkt oppskore av bratte fjellsider, ryggar, dalar og gjel, og har store variasjonar i klima og vegetasjon over korte avstandar.

Yungas i Bolivia (engelsk: Bolivian Yungas) er ein fuktig og regnfyllt økoregion i austskråninga av Andes i Bolivia og litt inn i austlegaste Peru med eit areal på ca. 91 000 km². Høgdnivået varierer mellom 400 meter over havnivå i låglandet til Puna-høglandet på meir enn 3 500 moh. mot søraust.

Yungas i sørlege Andes (engelsk: Southern Andean Yungas) er ein økoregion i det sørlege Bolivia og i Nordvest-Argentina. Økoregionen dekker om lag 75 500 km² og ligg hovudsakleg mellom 800 og 2 500 meter over havnivå, med enkelte område over 3 000 moh. Klimaet er fuktig, og årsnedbøren kan overstige 2 500 mm. Denne økoregionen er mindre utprega tropisk enn Yungas lenger nord, i sør får han gradvis sterkare innslag av tørrare Andes-miljø mot vest og Chaco-miljø mot søraust.

Biodiversitet

Yungas i Peru er eit av dei artsrikaste fjellskogområda i neotropane. Den store høgdegradienten, mange ulike leveområde og isolerte fjelldalar har ført til høg artsvariasjon og mange endemiske artar. Området omfattar meir enn 3 000 planteartar mellom anna minst 200 orkidéartar.

Pattedyrartar som har svært smale utbreiingsområde inkluderer ekornarten Sciurus pyrrhinus, han er berre kjend frå fjellskogar i det sentrale Peru, beltedyret Dasypus pilosus, som finst i øvre fjellskogar i Peru, og pungdyrmusa Lestoros inca, i fjellskogane i det sørlege Peru og litt inn i Bolivia. Den kritisk truga gråhaleullapa (Lagothrix flavicauda), er berre kjent frå intakte fjellskogar over 2000 moh. i Peru.

Heile elleve fugleartar har norsk namn og eller engelsk namn med første stavingar yungas. Åtte av dei har heilt eller delvis leveområde i eit smalt belte gjennom både Peru og Bolivia. Døme er artane yungasmaursmett (Myrmotherula grisea) og yungaslauvtyrann (Phyllomyias weedeni). Lengst nord finn ein to fugleartar som er endemiske for austskråninga av Andes i Peru, gulbryntukan (Aulacorhynchus huallagae) i San Martín-regionen og kinnskjeggugle (Xenoglaux loweryi) i regionen Amazonas i Peru. I Yungas i sørlege Andes finn ein tucumandue (Metriopelia morenoi) og saltaseglar (Cypseloides rothschildi).

Klassifisering Skildringane av dei tre Yungas-økoregionane bygger på eit økoregionssystem som opphavleg vart utvikla av WWF. I 2020 tok stiftinga One Earth over vidareføringa og vidareutviklinga av arbeidet. One Earth har sidan sett økoregionane inn i eit heilskapleg rammeverk for jordas økoregionar, bioregionar og biogeografiske «realms», og visualiserer den geografiske utstrekninga i ein nettbasert navigator.

Kjelder

Første versjon av denne artikkelen bygde dels på «Yungas» frå , den 24. august 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Økoregionar i Sør-Amerika Kategori:Peruansk geografi Kategori:Boliviansk geografi Kategori:Argentinsk geografi