Eir (norrønt Eir, «hjelp», «nåde», «vern», «ro»)Lind, Idar: Norrøn mytologi frå A til Å, side 50 er ei gudinne i norrøn mytologi, ei åsynje, som er knytt til legekunst. Ho er også nemnd som ei av fleire møyer som sit saman med Menglad (som kan tolkast som Frøya).Lind, Idar: Norrøn mytologi frå A til Å, side 50
Eir er attestert i Edda-dikta, som blei sett saman frå eldre, tradisjonelle kjelder på 1200-talet av Snorre Sturlason, og i skaldekvada, og dessutan i ein runeinskripsjon som blei gjort i Bergen ein gong rundt år 1300. Forskarar i norrøn mytologi har stilt spørsmål ved om desse kjeldene viser til same figur, og diskutert om Eir opphavleg var ei gudinne for legekunst eller ei valkyrje. Som med mange andre mindre gudinner har ein òg lagt fram forslag om at Eir eigentleg er Frigg. Som sjølvstendig gudinne har ho vore samanlikna med den greske gudinna Hygieia.
Kjelder
Den eldre Edda I diktet Folsvinnsmål i Den eldre Edda presenterer vaktmannen Fjolsvinn ei liste over møyer som følgjer frua i tårnet, Menglad. Denne lista omfattar Eir, og uttaler at dei alle sit på fjellet Lyvjaberg (‘Helbredberget’).Simek (2007:198). Ordvekslinga mellom helten Svipdag og Fjolsvinn som nemner Eir er som følgjer: «Sei meg, Fjolsvinn, som eg fretter deg om, og vita det vil eg: kva møyane heiter som ved knei til Menglad sit samde saman.»
«Liv heiter ei, Livtraust den andre, Tjodvarta den tridje, Bjart og Blid, Blid og Frid, Eir og Aurboda.»Edda (Den eldre Edda og Den yngre Edda), Det Norske Samlaget 2002. Side 259. Etter ordvekslinga spør Svipdag om desse kvinnene gjev hjelp om det blir blota til dei. Fjolsvinn svarar at Svipdag har rett: «Berging dei gjev når bloting dei fær; på heilagt horg, så hard ei trengsle høver kje nokon, utan ho letnar og linnest.»
Den yngre Edda I Gylvaginning i Den yngre Edda gjev Den Høge (Odin) ei kort skildring av 16 åsynjer. Den Høge listar Eir som den tredje: «Ho er ein framifrå lækjar».Edda (Den eldre Edda og Den yngre Edda), Det Norske Samlaget 2002. Side 305. I Skaldskaparmål i Den yngre Edda opptrer Eir i nokre utgåver i ei liste over namn på valkyrjer, men Eir er ikkje oppført i lista over åsynjer i den same teksten. Desse listene blir ikkje alltid inkluderte i moderne utgjevingar av Skaldskaparmål.Faulkes, Anthony (overs.) (1995): Snorri Sturluson: Edda. Første utg. i 1987. London: Everyman. ISBN 0-460-87616-3; side 157
Skaldekvad og runeinskripsjon I skaldekvad opptrer Eir ofte som kenning for «kvinne», noko òg fleire andre namn på åsynjer blir nytta som. Ein enkel konstruksjon er Eir aura (‘Eir av rikdom’), som opptrer i Gisle Surssons saga.Olsen (1996:270). Namnet er òg nytta på same vis av skaldane Kormark Ogmundsson og Hallfred Vandrædaskal på 900-talet.Finnur Jónsson (1931:104).
Tilsvarande blei namnet Eir òg nytta i ein kenning for ei kvinne i ein runeinskripsjon som blei rissa inn på ein pinne ein gong rundt 1300 i Bergen. Pinnen nedteikner ein felles handel følgd av eit vers frå den nøgde skrivaren:
Vör kennir mér víra vitr úglaðan sitja; Eir nemr opt ok stórom öluns grundar mik blundi.
«Kloke Vår av tråd [«kvinne av filigran», i betydningen «kloke smykkekledde kvinne»] lar (meg) sitte uglad. Eir [kvinne] fra makrellgrunn [«havkvinne» eller «gullkvinne»] tar ofte og mye søvn fra meg.»Ross, Margaret Clunies (2005): A history of old Norse poetry and poetics, side 20; se også MacLeod. Mees (2006:59) som tolker makrellgrunn til gull, ikke hav.
Den fyrste linja viser til at ei kvinne (eller kanskje ekteskap) gjer mannen ulykkeleg, og ei særskilt og ikkje minst krevjande kvinne, anten ho er knytt til havet, eller gull i overført tyding, tek all søvn frå mannen.
Eir blei òg nytta som kenning i den islandske rímurpoesien på 1300-talet og framover.Finnur Jónsson (1926-28:74).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Eir» frå , den 1. september 2026.
Litteratur
Edda (Den eldre Edda og Den yngre Edda) i Ivar Mortensson-Egnunds oversettelse, Det Norske Samlaget 2002. ISBN 82-521-5961-3 Davidson, Hilda Roderick Ellis (1998): Roles of the Northern Goddess. Routledge. ISBN 0415136105 Ross, Margaret Clunies (2005): A history of old Norse poetry and poetics, Boydell & Brewer. ISBN 9781843840343 Lind, Idar: Norrøn mytologi frå A til Å. Oslo: Samlaget 2007, 2. utg. ISBN 978-82-521-7141-9 Macleod, Mindy. Mees, Bernard (2006): Runic Amulets and Magic Objects. Boydell Press. ISBN 1843832054 Olsen, Karin (1996): «Woman-kennings in Gísla Saga», samlet i Stanley, Gerald Eric. Toswell, M. J. (1996): Studies in English language and literature: «Doubt Wisely»: Papers in Honour of E. G. Stanley. Routledge. ISBN 0415138485 Orchard, Andy (1997): Dictionary of Norse Myth and Legend. Cassell. ISBN 0 304 34520 2 Simek, Rudolf (overs. Av Angela Hall, 2007): Dictionary of Northern Mythology. Boydell & Brewer. ISBN 0-85991-513-1
Kategori:Åsynjer