Praha-východ okres eller Aust-Praha er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Sentral-Böhmen i Tsjekkia. Det ligg sentralt i regionen og omsluttar den austlege delen av Praha.
Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).
Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i Praha-východ okres:
Brandýs nad Labem-Stará Boleslav SO Říčany SO
Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Brandýs nad Labem-Stará Boleslav SO 65 434 97 039 120 219 Říčany SO 40 107 60 107 77 258 Praha-východ okres 105 541 157 146 197 477
Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 Brandýs nad Labem-Stará Boleslav 19 029 Říčany 16 444 Čelákovice 12 264 Úvaly 7 166 Odolena Voda 6 249 Mnichovice 4 156 Kostelec nad Černými lesy 3 834 Klecany 3 757
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Praha-vychod Praha-vychod