Helleristningane på Grøtte på Selbustrand i Selbu kommune i Trøndelag er helleristningar av typen jordbruksristningar frå bronsealderen, utførte på lause granittblokker i strandkanten på nordsida av Selbusjøen. Motiva er båtar og omriss av fotsolar, men det er òg innslag av hender, groper og nokre enkle dyrefigurar.Sognnes 2010 Det mest interessante ved feltet er den eineståande plasseringa i landskapet, meiner arkeologiprofessoren Kalle Sognnes. Sognnes 1991 Motiva som er brukte her, er for det meste kjende frå andre bergkunstfelt.

Staden og funnet I grenda Selbustrand på nordsida av Selbusjøen vart det i 1947 og 1948 oppdaga helleristningar på fleire rullesteinar som ligg i strandkanten. Tidlegare hadde ein båtfigur vorte oppdaga i 1930, på garden Engan,Sognnes 1994 og ein stein med to dyrefigurar på Balstad i 1937.Marstrander og Sognnes 1999 Funnet i 1947/1948 hadde truleg samanheng med at det var uvanleg låg vassstand i den regulerte Selbusjøen desse to somrane. Normal reguleringshøgd er 161 meter over havet. Normalvassstand før reguleringa var 159 meter over havet, men arkeologiprofessor Sverre Marstrander reknar med at vassstanden kan ha vore ein meter lågare då ristningane vart hogne i bronsealderen, slik at ristningane endå tydelegare låg i vasskanten. No er dei fleste steinane flytta lenger opp på stranda for å kome klar av strandlinja.

Helleristningane er utførte på raudlege granittblokker av varierande storleik, frå 100 kg til fleire tonn.Marstrander 1949 Fjellgrunnen i Selbu inneheld ikkje granitt, og ein reknar med at desse blokkene har vorte førte med isen frå Sylanfjella i aust, der granitt er vanleg.Møllenhus 1972 Grenda ligg sørvendt, med sjølvdrenerande og lettdyrka lier som skrår ned mot sjøen. Dette er ein landskapstype som ein reknar med har hatt svært tidleg busetjing, og der dagens topografi òg er så godt som identisk med landskapet slik det framstod i bronsealderen.

Skildring av figurane miniatyr|upright|«Grøtte IV» med solsymbola finst på Vitskapsmuseet i Trondheim. miniatyr|upright|«Svinås I» har ein båtfigur av den «bønneforma» typen, her med mannskapsstrekar. Det er kjende ristningar på om lag tjue steinar langs ei strekning på 10 kilometer i strandkanten på Selbustrand.Sognnes 2004 Meir enn halvparten er funne ved garden Solem lengst vest i grenda, og nabogarden Grøtte/Grøttem er det andre tyngdepunktet.

Raudfargen på granittblokkene finst i overflata som ei form for patinering, skriv Kalle Sognnes. Innanfor det raude «skal»et på steinane er bergarten nærare lys gul. Sognnes skriv at «ristingsfurene bryter gjennom den røde overflaten, slik at det er blitt en markert fargeforskjell mellom figurene og steinen rundt».

Dei fleste av dei tjue steinane er små, med ristningsflater på ½ til 1 kvadratmeter. Det er påvist 60 figurar fordelte på seks ulike motiv: 31 fotspor, 9 båtar, 3 hender, 2 dyr og 4 ringar. I tillegg er det på fire av steinane berre funne skålgroper.

Det finst to ulike typar båtfigurar på helleristningane i området. Den eine er «den klassiske bronsealdertypen med to høyreiste stavner i fronten» og ein like markert akterstavn. Den andre båttypen er «bønneforma». Dei bønneforma er dei yngste, frå jarnalderen. Marstrander meiner at dei avbilda båtane er skinnbåtar, altså eit treskjelett trekt med skinn.

På éin stein, «Grøtte IV», finst to ringfigurar saman med båtar. Ringane blir tolka som solsymbol.

Fotsålene finst som regel enkeltvis, men òg som par, og i nokre tilfelle er det fleire fotsåler saman. Føtene har ofte ein tverrstrekk som markerer skiljet mellom hælen og fotbladet, noko ein reknar med speglar ein skobruk der snorer vart surra rundt foten og ankelen for å feste skinnskoen til foten. Mest bemerkelsesverdig er ein stein frå Solem der ei fotsåle er avbilda saman med tre hender med sprikande fingrar. Slike handmotiv førekjem svært sjeldan i trøndersk bergkunst. Denne steinen, «Solem IV», finst no på Vitskapsmuseet i Trondheim.

Dei to dyra på steinen ved Balstad blir tolka av Kristen R. Møllenhus frå Vitskapsmuseet som hestar og som eit uttrykk for jordbrukskulturen. Sognnes meiner at figurane er atypiske samanlikna med hestefigurar på helleristningar frå Stjørdal, og undrar på om dei kan vere moderne etterlikningar av helleristningar.

Oversyn og tolkingar miniatyr|upright|Eitt eller to fotspor kan tolkast som nærværet til guden eller jordeigaren. Det er uvisst korleis grupper av føter, som på «Stamnes I», skal forståast. Jordbruksristningane blir daterte til bronsealderen og eldre jarnalder, og speglar eit jordbrukande samfunn og praksisen og førestellingsverda deira. Skipssymbolet står sentralt i jordbruksristningane og finst ofte saman med solsymbol.Lene Melheim: Bondens bilder; norgeshistorie.no, 25. november 2015 Marstrander peikar på at det finst eit mønster i at jordbruksristningane finst i nærleiken av gammal åkerjord. Han oppfattar ristningane som «ledd i en fruktbarhetskultus som med magiske midler prøver å sikre ikke bare jordens fruktbarhet, men også trivsel og formerelse hos dyr og mennesker.» Sognnes er samd i dette.

Båtfigurane blir gjerne forståtte som avbildingar av solskipet som fører sola over himmelen frå aust til vest, og som uttrykk for at sola vart dyrka som ei livgjevande makt med ein tilbakevendande årsrytme.

Møllenhus meiner at føtene og hendene kan tolkast som delar av ein form for fruktbarheitsseremoniar. Også Marstrander oppfattar føtene som delar av ein ikkje nærare beskriven fruktbarheitskultus. Sognnes skriv at det finst fleire måtar å tolke fotsporfigurane på. Dei kan oppfattast som uttrykk for nærværet til gudar, eller som uttrykk for at ein ny jordeigar sette foten ned og tok landet i eige. Men desse tolkingane kan ikkje brukast på stader der det finst mange fotsåler saman. Sognnes meiner at hendene er eit uttrykk for nærvær eller tilstadeværelse, medan Marstrander oppfatta den opne handa som eit avverjande teikn mot vonde makter.

Fleire forskarar har drøfta om det har hatt ei særskild symbolsk tyding at steinane har lege nettopp i vasskanten. Her har den skiftande vassstanden gjennom året, som er forårsaka av snøsmelting i fjella rundt, veksla mellom å skjule steinane, skylje over dei og å leggje dei synlege på tørr strand. Sognnes meiner at vekslinga i vassstanden kan ha vore eit grunnlag for årsrytmebaserte ritual innanfor ein fruktbarheitskultus. Han føreslår òg at dei solvende liene på Selbustranda kan ha vore ein møtestad for bygda.

Skålgroper finst på mange helleristningsfelt, men dei er ikkje sikkert tolka eller forklarte.

Området i dag Tre steinar er flytta til Vitskapsmuseet i Trondheim, og to er flytta innanfor bygda; først til Selbu bygdemuseum i 1964, seinare til husflidssenteret på Løvåstunet på Selbustrand i 1996 og i 2012 tilbake til bygdemuseet.Sognnes 1999; side 52–54 og 78–79Løvåstunet; geocaching.com Dei steinane som ligg i vasskanten, blir regelmessig skylte over av vatnet, slik at lav og mosar ikkje får feste. Steinane som er flytta opp til skogkanten, har derimot vorte dekte av tjukke lavskorper i løpet av tida som har gått sidan dei vart oppdaga og flytta.

Feltet inngår i Trøndelag fylkeskommune sitt formidlingsprosjekt Bergkunstreisen.Helle Vangen Stuedal. «Bergkunstreisen i Trøndelag»; Spor; 2020, nr 2

miniatyr|upright|«Solem IV» finst på Vitskapsmuseet i Trondheim. Innan kulturminneforvaltninga er dei mange funna på Selbustrand fordelte på fleire registerpunkt: Solem I (Selbustrand I) – steinblokk med 12 skålgroper. Solem II (Selbustrand II) – steinblokk med fotsålefigur. Solem III (Selbustrand III) – opphavleg funnstad for steinblokk med fotsåle- og båtfigur som i dag finst ved bygdemuseet. Solem IV (Selbustrand IV) – opphavleg funnstad for steinblokk med hand og fire fotsåler; ho har sidan 1947 vore på Vitskapsmuseet. Solem V (Selbustrand V) – steinblokk med fotsålefigur. Solem VI (Selbustrand Va) – steinblokk med fem fotsålefigurar. Frå 1947 på Vitenskapsmuseet.T16690; Vitenskapsmuseets samlingsarkiv Solem VII (Selbustrand VI) – steinblokk med skipsfigur og fotsålepar. Solem X – steinblokk med to fotsålefigurar. Grøtte I (Selbustrand VII) – opphavleg funnstad for steinblokk med fotsåler som i dag finst ved bygdemuseet. Grøtte II (Selbustrand VIII) – steinblokk med to båtfigurar. Grøtte III (Selbustrand IX) – steinblokk med båtfigur. Grøtte IV (Selbustrand X) – opphavleg funnstad for stein med skipsfigurar med kvart sitt solteikn over skroget. Frå 1947 på Vitenskapsmuseet.T16691; Vitenskapsmuseets samlingsarkiv Grøtte V – steinblokk med båtfigur. Oppdaga i 1999. Engan I (Selbustrand XI) – steinblokk med båtfigur med mannskapsstrekar. Oppdaga i 1930. Balstad I (Selbustrand XII) – steinblokk med to dyrefigurar. Oppdaga i 1937. Svinås I (Selbustrand XIII) – steinblokk med båtfigur med mannskapsstrekar. Oppdaga i 1966. Stamnes I (Selbustrand XIV) – steinblokk med åtte–ni fotsålefigurar. Oppdaga i 1965.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Helleristingsområdet på Grøtte» frå , den 4. september 2026.

Litteratur Sverre Marstrander (1949). «Nye helleristninger i Selbu». I: Trondhjems Turistforenings Arbok 1949. (pdf) Sverre Marstrander og Kalle Sognnes (1999). Trøndelags jordbruksristninger. Vitenskapsmuseet. (Vitark-serien; nr 1). ISBN 82-519-1516-3

Kalle Sognnes (1994). «Helleristninger på Selbustrand». I: Jul i Neadalen 1994; s 1-3, 33

Kalle Sognnes (2004). «Hender, føtter og båter på stein». I: Spor : nytt fra fortiden; nr 1, 2004. (pdf) Kalle Sognnes (2005). «Vandring langs en strand - helleristninger i Selbu, Sør-Trøndelag». I: Mellan sten och järn : rapport från det 9:e nordiska bronsåldersymposiet, Göteborg 2003 : Del 2. Göteborgs universitet, 2005. ISBN 91-85245-10-0

Bakgrunnsstoff

Grøtte Kategori:Kulturminne i Selbu